Posts

Ingen Fres for humortrio

Nok eit slag i magen for leiinga ved Fres 2006, nok ein kansellering.

Issen kommer

Issen kommer

Det vart nok ein skuffelse for leiinga ved Fres 2006 då revytruppen Issen kommer avlyste tidleg fredag morgon. For dei som ikkje har fått det med seg var dei tre kritikarroste humoristane aktuelle for årets festival. Manager og mentor Stom Terri beklagar men seier at Issen kommer var blitt dobbelbooka og at dei valgte den prestisjefyllte oppvarmingsjobben for Tre Raske Menn foran ein opptreden på CampStage under Fres 2006.

Issen kommer starta som eit einmannsprosjekt i 2001, men ettersom fleire issar dukka opp såg det sin endelege form hausten 2003. Den morosame gjengen har stått på scenar over heile Noreg, og ynskjer ikkje framstå som kjipe fyrar ovanfor festivalpublikummet. Kjipe eller ei, slikt kan me ikkje finne oss i seier revyentusiast og nyutnevnd leiar for Fres, Gunnar Husabø. Saman med leiar for revykansellering Håvard Ese Eliassen lovar han å starte ein folkemobb mot Issen kommer. Berre vent, min revyhevn er alt anna enn småmorosame imitasjonar og dans fortset Husabø. Nyhende ser fram mot eit blodig oppgjer, for revygutar har me og sett oss leie på.