Innlegg

Leiinga og Ingeniøravdelinga inspiserte festivalområdet

,

– Jau, her er det nok ein del å gjera,seier ein fokusert Robert Borlaug, festivalsveisar og leiar for Ingeniøravdelinga ved Fres Festival 2006. Det var ein arbeidsklar Festivalsveisar samt eit ikkje namngitt medlem av Festivalleiinga som søndag føremiddag inspiserte festivalområdet og festivalcampen. Etter det Nyhende erfarar kom Leiinga og Ingeniøravdelinga i samråd fram til at det i år som i fjor vil verta ei sceneløysing i tre.

Observante lesarar var kjapt ute med å påpeika at et er merkeleg å ha ein festivalssveisar når ein skal gå for ei sceneløysing i tre, men dette stiller Festivalsveisar Borlaug seg humrande til.

– Jau, det er kanksje litt over the top, men som dei seier i Leirvik, der det er festival er ein sveisar alltid god å ha, seier ein oppglødd Robert Borlaug på 3G frå Fadnastølen.

Nyhende kjem attende med meir