Innlegg

Menn i arbeid

I dag starta byggearbeidet, då vi i ei kort, men effektiv arbeidsøkt reiv taket frå hovudscena. Det synte seg at det hadde vorte nytta eit raust tal spikrar under fjorårets bygging, men med ein god dose muskelkraft og oppfinnsam bruk av kubeinet, fall konstruksjonen lett.

Vi reiste frå Fresvik i eitt-tida, mot fjerntfunklande Systrond og den sokalla «eplebygda» Sogndal. Med oss tilbake til Fresvik hadde vi ein kilometer sperreteip, trommesett, forsterkarar, PA-anlegget til camp stage, printer, lamineringsmaskin, fem meter monsterkabel (phono – minijack), to arbeidslamper,  ein kasse pilsnerøl, spray, grunning med matchande penselsett, overheadprosjektor, to motoriserte X-twin isoporfly og ein stykk bil av typen Caddy.

 – Sweet! Dette går på skinner, seier ein oppglødd festivalsjef.