Innlegg

Nytt countryband bekrefta til årets Fres!

,

Nok eit band bekrefta i innspurten, Black Eyed Suzie and the Spavang Band svingar innom! Det er tilsynelatande ikkje noko som heiter "for seint" for den djerve bookingavdelinga på Fres Festival i Fresvik. Nok eit band er no bekrefta og denne gongen er det countryensemblet Black Eyed Suzie and the Spavang Band som har meldt at dei kjem til Skausgarden siste helga i juli for å strø country licks på det spaghettihungrige publikum.

-At bookingavdelinga no so tett opptil festivalstart greier å hanka inn eit band som Black Eyed Suzie and the SB, med sjølvaste Gudmund BS, Lærdal sin eingen Ronnie Le på gitar, ja det syner berre for eit heilpotent organ bookingavdelinga har utvikla seg til å verte, seier ein naudsynt Per Christian Grov på mail frå Fres HQ.