Innlegg

Kjenner du (eller er du) nokon som vil jobbe ein kveld som frivillig?

Som andre festivalar er Fres heilt avhengige av alle våre strålande flinke frivillge som får evenementet til å gå rundt. Festivalen går over tre dagar, og vi har eit stort behov for frivillige som kan stille som vakter i løpet av helga.

Vi treng framleis fleire som kan stille som ordensvakter på kveldstid. Om du stiller ein kveld får du gratis festivalpass heile helga.

Read more

Frekk manøver frå festival i personalkrise?

Fres Festival kastar seg på dugnadsbølgja! Næringslivet i distriktet imponert. Igjen.

Vekt på menneskeleg kapital.
Då det natt til mandag kom for natta at den infamøse og enn so lenge uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik søker publikum om hjelp til å avvikla ulike enkle ikkjeadministrative oppgåver på årets festival. Oppgåvene ser etter det Nyhende har fått med seg ut til å væra human resource relaterte og innebæra managing av mellom anna parkering, grillar og generelt oversyn. Det kan med andre ord verka som ein utmerka moglegheit for dei som likar å jobba med menneskelege relasjonar.

Panikk i leiinga?

Det var ikkje lenge at dette heilfrekke frieriet til publikum sitt eventuelle ønskje om å ta i eit dugnadstak på den mest nytenkande festivalen i Fresvik hadde lege ute på det potente cyberfenomenet www.fresn.com før reaksjonane dukka opp på nettforum og over doble macciatos over deg ganske land. Mange var raskt ute med å påpeike at dette er eit symptom på leiinga si tiltakande angst for at dei har teke seg personalpolitisk vatn over hovudet. Er dette eit teikn på sjukdom i Fresorganisma sitt mest vitale organ? Eller er det heller slik at det er endå eit i den etterkvart ekstremt lange rekka av døme på leiinga si agilitet og handlekraft? Desse var blant spørsmåla ein pressa Gunnar Husabø frå festivalleiinga måtte besvara på ei ekstraordinær pressekonferanse mandag morgon.

Korleis trur du at festivalen kjem til å framstå i og med dette “stuntet”?

– Vi skjønar at dette kan verke provoserande for inni-boksen tenkarar, men vi føler oss rimeleg trygge på at vi med dette trekket framstår som seriøse, dog ikkje desperate. Gluggglugg.

Har du nokon kommentar til spekulasjonane som går angåande grunnen til dette freidige frieriet?

– Eg vil ikkje leggja skjul på at personalsituasjonen har vore ei større utfordring i år enn dei tidlegare åra. Dette har eine og åleine med den generelle eskalieringa av festivalen å gjere. Slurp gurgle.

Er det nokon grunn til å engsta seg for om avviklinga av festivalen kjem til å gå noko anna enn smertefritt?

-Vi er overtydde om at årets festival vil gå av stabelen med den same gløden og intensiteten som tidlegare. På same måte som Vangsnesferja stødig klappar til kai på Hella kvar morgon klokka 0545 skal også denne festivalen losast trygt i hamn, bore på skuldrene til alle dei som legg i si fritid og sjel i å gjere dette til den ultimate festivalopplevinga Fresvik nokon gong har kunna by på, avsluttar ein reflektert Husabø idet han smeller den siste Perri?ren i bordet og konstanterar at også den funkar med ein frisk touch av selbekktup?.

Nyhede kjem attende med Geir