Innlegg

IL Modig stiller superlag på Kjeringi Open

Fare for utklassing når fresjentedn stiller til start til helga!

Idrettsnoreg i sjokk!

Det gjekk sjokkbølgjer gjennom heileidrettsnorge då det kom fram at Idrottslaget Modig sender superlaget fresjentedn til den fjerntfunklande Syrstrondsbygdi for å grusa all motstand. Fresjentedn består av Marianne Tretteteig, Britt øyri og Eline og Silje Bjørneklett og dei kjem til å stilla i, nay, vinna klassen Jentelag Senior.Og som om ikkje den åpnbare connexionen mellom superlaget fresjetedn og Fres Festival er openlys nok, har det kome den gravande Nyhederedasjonen for øyre at Britt øyri visstnok er døypt i same vatn som sjølvste festivalsjef Lars Tore Skau!

Heile Fresn gledar seg

Det har i skrivande stund ikkje vore mogleg å få tak i Fresvik sine superjenter då desse for tida ligg i knallhard høgdetrening i dei italienske alpane, men det lukkast deriomt å få ein kjapp kommentar utav ein vanlegvis San Pellegrino slurpande Gunnar Husabø frå leiinga for Fres Festival.
– Det er jo sjølvagt superdupert at Fresn no får sitt eige Kjeringi Open lag. Vi stiller oss eitt hundre prosent bak Fresjentedn og reknar med dei vil returnera til Fresvik i triumf ala Mensen Ernst. Vi håpa sjølvsagt dei vil verte å sjå på Skausgarden siste helgi i juli der dei utan tvil vil verte overøste av heder og ære frå ingen ringare enn Radio Fres sin eigen sportsekspert Magnar Juan Kvalvik.