Posts

Festivalen er ferdig. Stor takk til dykk alle!

Takk til Jon og Elisabeth, til damene og familiane elles. Ei stor takk vidare til dei som har støtta oss med kapital, tenester og/eller hjelp. Til alle fresvikjer som har teke del i førebuingane og som vil ta del i oppryddinga, og takk til alle dei som arbeidde frivillig under festivalen.

Takk til artistar, radiofres, sight & sound og publikum. Og takk til alle dei som vi har gløymt å takke her.

Takk, Fresvik!

Del bileta dine frå Fres Festival!

Sjekk @ltskau! Han instagrammar bilet med #fres12! Ikkje direkte uhipt da!

Getting with the program? Som alle andre trendy og cutting edge folk, har sjølvsagt også du som festivalgjest installert biletdelingsappen Instagram på din smarttelefon. Dersom du ikkje har kasta deg rundt og gjort det endå, kan du lasta ned Instagram for iPhone her, og Instagram for Android her.

Når du har installert appen på telefonen din, er det berre å knipsa i veg anten på veg til Fres, under sjølve festivalen eller når som helst eigentleg. I captionfeltet brukar du hashtaggen #fres12. Alle som har Instagram kan dermed følje med på bildene dine. Bilda dine vil i tillegg komma fram i Instagramfeeden på høgresida på framsida av fresn.no, eller du  kan gå til sida hashtagram.com og sjå alle bileta i eit fiffig slideshow.

Kva med eit bilde av kompisen din som slit seg opp landets einaste kule motbakkeløp? Moglegheitene er mange så her er det berre å knipsa i veg! #hipster!

Nett inn: DJ RALPH MYERZ TIL FRES 2012! Ja, caps lock på den der, blir megafeitt!

Fres 2012 kan gledeleg meddele at bonanzaet kjem ingen ende til å ta på Skausgarden siste helga i juli. Me har klart å få sjølvaste Ralph Myerz til Fres! Dansefoten skal få gjennomgå på den mest fresepiske laurdagen i frestoria!

Sjekk lista over folk som har samarbeida med denne fyren: George Clinton, Snoop Dogg, Devin the Dude, Talib Kweli,  Diana Ross & the Supremes, Scissor Sisters, R Kelly, Christina Aguilera. Og no kjem han til FRES 2012!!!

Read more