Innlegg

It Lives! It Loves!

Medienoreg i fistel etter relansering av monsterfrekk vevside! Fresn.com versjon 2008 er eit faktum! Det var natt til i dag at den lenge etterlengta og ekstremt kredible vevsida fresn.com gjenppstod i ny og frekk 2008-drakt. Fresn.com er, som den oppvakte lesar har fått med seg, einaste seriøse alternativet til reell og påliteleg informasjon kring Fres Festival. Etter det Nyhende ad anonyme kjelder frå lang inne i leiinga sine kontor på Skausgarden har fått med seg, kjem fresn.com til å befesta sitt rykte som den høgaste og vidaste nettportalen til årets Fres, i tillegg til å sende ein heil generasjon med ikkje like frekke og dynamiske vevsider inn til oppjustering.

I anledning relanseringa av fresn.com synte den alltid djerve og agile leeiinga at utaforboksentenking framleis er how they roll, og kalla inn til presskonferanse for å stetta eit mannsterkt pressekorps utsvelta på handfaste opplysningar om Fres Festival generelt og fresn.com spesielt.

– Kva kan vi forventa oss av årets utgåve av Fresn.com?

Eit tøft spørsmål, men eit rettferdig spørsmål, Kent. Lat meg berre starta med å seie at Fres-IT, i tett og synergerande samspel med FresvikSays, dei siste tre månadane har sete innesperra i ein bunker i Fresvik og jobba på spreng med å sprudle fram ei vevside som evnar å i møtegå eit stadig meir lattedrikkande og designinteressert festivalpublikum. Det ein kan forventa seg av ei side som Fresn.com er ikkje berre det siste nye om Fres Festival, multimediale opplevingar og moglegheit for å intereagera med leiinga so vel som med andre festivaldeltakarar, men ein kan og venta eg ei estetisk oppleving som vil få macchiatoen til å spruta ut av nasen din og vevdesignar kompisen din til å finna på noko anna å gjera. Ut over det vil det verta moglegheit til å finna sakleg informasjon om Fres Festival og alt som kjem til å skje der, samt å kosa eg med å posta frekke innlegg arenaen for kvalifisert og sakleg debatt og meinigsutveksling; forumet. Fresn.com vil og væra staden der rykter vil verta bekfta og brannar vil verta sløkte, sa ein nøgd Per Christian Grov frå FresvikSays, akkopagnert av moderat til intens Farrisgurgling frå Gunnar Husabø frå festivalleiinga.