Posts

Billettsalet er i gang!

billett
Mine damer og herrar! No kan du endeleg få kjøpt deg festivalpass til årets utgåve av Fres Festival!

Vær tidleg ute – spar spenn

Bli den første i gjengen din som sikrar seg billett Fres Festival! Ikkje berre vert du automatisk den kulaste av kompisane, du sparar også pengar! Festivalpasset kostar nemleg 100.- flis mindre dersom du kjøper billetten din før 1. juni. Her er det altså berre å legga ferieplanane om Fresvik siste helga i juli.

Nytt av året – laurdagspass!

Nytt i år er at du no kan få kjøpt deg pass som gjeld berre for laurdagen. Dette er for dei som skulle vera so uheldige å ikkje ha moglegheit til å få med deg dei to første dagane av Fres Festival.

Ingen grunn til å venta altså folkens! Kjøp festivalpass til Fres Festival og bli ein cutting edge dude!

Obs obs, du som vil kjøpa billett på nett!

Dersom du vil kjøpa bilett på nett, må du hugsa på at du ikkje kan skriva billetten ut på din eigen printar eller få billetten tilsendt på epost. Billetten må hentast enten på ein 7-Eleven, Narvesen eller på eit godt gammalt postkontor av typen du finn til dømes i Sogndal (og nesten berre der etterkvart). Det er ikkje nok med post-i-butikk. Det betyr at dersom du bur langt vekke frå postkontor, Narvesen eller ein 7-Eleven, så må du få billettane tilsendt i posten.

Det er i dag ei veke og ein dag att til festivalstart, så om du har tenkt å kjøpa billett på nett og få den tilsendt i posten, så bør du gjera det so snart som råd, slik at du er sikker på at du får billetten din i tide.

Billettar som er att etter førehandssalet vil bli lagt ut i for sal i grinda frå og med første festivaldag torsdag. Desse vil kosta kr 550.-