Innlegg

IT sjefen pustar letta ut. Nok ein gang.

,

Den endelege reinvaskinga eit faktum

I torsdagens VG kom det fram at E-Coli saka ved Terina sitt annlegg i Sogndal framleis rullar, om enn med noko forminska moment. Denne gongen er det ei enkelt maskin, mårkuttemaskina, som vert peikt ut som hovudsyndaren i bakterieskandala. Den gravande delen av den kulørte dagpressa, VG, var raskt ute med å påpeika at denne maskina i ei årekkje var betjent av ingen andre enn Gunnar Husabø, IT sjef for Fres Festival 2006.

Men i staden for at dette skulle verte den endelege spikaren i kista for Husabø sitt personhygieniske ettermæle, skulle det verte nett denne reportasja som ein gong for alle reinvaska han, i fleire meiningar av begrepet. Mårkuttemaskina i VG omtalar kom nemleg til Terina i Sogndal først når Husabø kun hadde ei veke att av sitt engasjement ved slakteriet. Denne veka var han på jekketrallevakt og hadde lite med mårmaskina å gjere.

– Det er nyemaskina som kom inn siste veka eg var der. Eg sa den var eit babels tårn! Skulle liksom vere så mykje betre enn den gamle. Hah! seier ein ein tydeleg letta og ikkje så altfor lite skadefro Husabø i eit telegram.