Posts

Leikanger Skateboardlag til kredibel festival i Fresvik

Leiinga snakkar kidsa sitt språk! Fo shizzl!

Leikanger Skateboardlag

Det var i føre månad at det vart avslørt over det folkelege vevsamfunnet “Facebook” at Leikanger Skateboardlag har fått i oppdrag frå den elitistiske leiinga i for den uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik å laga ei lita skateboard ramp som skal nyttast til ulike ungdommelege føremål under årets festival. Etter det Nyhende kan erfara er det sjølvast Sjefen for Leikanger Skateboardlag, Andreas Bremer Hawk, som står ansvarleg for dette herleg streetsmarte prosjektet. Etter seiande vil det verte tromma saman eit dugnadslag Fresvik ikkje har sett maken til sidan Fres Festival 2008. Dugnadsanda er som kjent høg i lag generelt og i skateboardlag spesielt.
Read more