Posts

Nybyrjarfestival i hardt vær!

Typisk barnesjukdom, seier Per Christian Grov frå den røynde leiinga av den tradisjonsrike festivalen Fres Festival. Fleire av hovudstadsavisene melder idag om at festivaldebutanten Hovefestivalen slit med store mengeder regn, noko som gjer campen deira om til ein gjørmepøl. Nyhende har i skrivande stund ikkje fått ein kommentar frå den medieglade Hovegeneralen Toffen Gunnufsen, men ryktet i feestivalbransjen går på at leiinga i Hovefestivalen rett og slett har gløymt og vedta godt vær i forkant av festivalen sin. Folk spør seg no om noko tilsvarande kan skje på ein festival som Fres Festival.

Den alltid djerve og handlekraftige leiinga i sistnemde festival fanga i føremiddag opp desse subtile signala og i det som berre kan tolkast som eit utrykk for ekstrem røynsle og framsyntheit kalla leiinga inn til pressekonferanse midt i beste wimbeldon-tid. Eit uroleg men mannsterkt pressekorps fekk med det høve til å stilla dei spørsmål dei måtte ha til ein Farrisslurpande Gunnar Husabø og Lars Tore Skau frå festivalleiinga.

– Det er klart at vi ikkje tek lett på den bekymringa som no herskar i Fresvik og i landet forøvrig. Det er forståeleg at ein kan byrje å lura når ein ser at ikkje berre festivalnykomlingen Hovefestivalen, men at også den meir kjende Glastonbury festivalen heller ikkje har greidd å vedta godt vær, men vi kan berolige alle med at dette var noko av det fyrste vi vedtok på eit av dei fyrste av dei mange møta leiinga har hatt sidan Fresn sin fødsel, seier Lars Tore Skau som ikkje let seg vippe av pinnen av at sidemannen Gunnar Husabø tømmer i seg si femte Farrisflaske på eit kvarter. – Vi kan og beroliga ekstra ved å syna til paragraf tre i Manifrestet som uomtvisteleg seier at “det er alltid godt vær på Fresn”.

På spørsmål om kva leiinga i Fres Festival har å sei om Hovefestivalen si manglande emne til å vedta godt vær kommenterar ein seint ankommande Per Christian Grov: – Pssht! For ein gjeng med noobs!