Innlegg

Fres på skinner

,

Det gedigne arrangementet går knirkefritt. Leiinga i Fres festival har hatt ein hektisk aktivitet i Fresvik dei siste dagane. I helga var representantar til stades på området og forsterka fjorårets scenekonstruksjon. Dei overvaka også bygginga av eit kontrolltårn for Public Audio ved hovudscena.

Anlegget skal etter planen komme på plass torsdag.

Det har vore store utfordringar for leiinga, men denne har vist seg å ta dei på strak arm. Bringebærplantasjen på området, tidlegare tiltenkt rolla som offentleg urinal, har vorte fjerna av misgjerningsmenn i løpet av våren, men løysinga er rett rundt hjørnet i form av lokalt produserte biodassar.

Festivalleiar PC Grov tok kontakt med nyhende ved hjelp av røyksignal frå Fres HQ. Han signaliserte at leiinga hadde alt under kontroll, og la til:
-Hadde du trudd noko anna, din gauk?