Innlegg

Leiinga bloggar

Ja, no har det amerikanske/dagbladske fenomenet “blogging” nådd oss i leiinga ved Fres óg. Då fres-site for tida ikkje vert oppdatert, vil desse bloggane vere dine auge inn i fresorganismen. Kjenn kjøtet pulsere!
Me kan allereie slå fast at min blogg kjem til å handle om store hovud, Gunnar kastar nok inn nokon heite samfunnsvitskaplege poteter, LT jappar seg om ny bil og jobb, turar til skatteparadis mellom Japan og Russland, og så vidare. Gløymte eg Håvard?!!! Kan me slå fast allereie no at det vil ha eit visst fekalt preg over seg?

Så med dette innviar eg Fresblogg, og vonar at eg sjølv ein dag lærer den korrekte måten å blogge på, sjargongen og om det skal skrivast blogg, blog eller som Håvard ville ha sagt; Biii-lågg.

Grov out!