Innlegg

Fres 2006 outsourcar!

,

Fres Festival med frekk globalkapitalistisk manøver. Ekstern kompetanse hyrt inn til kafédrift. Mandagens melding om at Fres Festival 2006 outsourcar delar av drifta kom som eit veritabelt sjokk på dei fleste. Festivalen, hvis leiing alltid har snakka om uavhengigheit frå verdskapitalen, går no til det skritt å hyra inn ekstern kompetanse for driftinga av kafe på festivalcampen. Festivalleiinga var heile mandag morgon travelt oppteken med å sløkkja brannar i dei politisk korrekte leirar rundt om i landet.

– Vi har valgt å gå til dette skrittet av di det det stod om outsourcing eller ingen kafé i det heile. Vi vil og påpeike at firmaet vi kjem til å nytte er velrenomert innan pappkrus og seviettbasert kafédriftsmilieu, seier Per Christian Grov frå leiinga i ein kjapp kommentar.

Firamet som fekk tilslaget skal etter det NA24.no melder være det Sogndal/Oslo baserte firmaet MEKafé Consulting Inc. som i ei årekke har drifta kaféløysingar ut ei rekke kjøkenvindauge rundtom i landet sovel som på kontinentet. Det har i skrivande stund ikkje vore mogleg for Nyhende å få fat i Mari Engesæter, adm dir i MEKafé for ein kommentar.

Det mange no spør seg er om Fres Festival er i ferd med å gå på børs med si sjel. Vil inntrede av eit panhemisfærisk kafédriftings konsortium knekke den uavhengige ånda i Festivalen? Festivalsjef Lars Tore Skau kommenterer;

-Sjølv om vi har overlete drifta av kaféen til MEKafé, herunder innhyring av stab til denne, vil ikkje det dermed sei at nokon kan komma å legga føringar på leiinga angåande andre aspekt ved festivalen. MEKafé vil til dømes ikkje ha noko med booking, sveising, fresjuss eller fresstatistikk å gjere. MEKafé er no rett nok vorte eit organ i fresorganisma, men det mest vitale organet vil framleis manifestera seg i festivalleiinga, seier Skau i ein teleks.