Merkelapparkiv: bui

Innspurten er i gang

Festivalleiinga, representert ved Per Cliff og Gunnar rulla inn i Fresvikbygda i tre-tida i dag. Det første vi gjorde, var å reise innom bui og bunkre opp med lapskaus og sodd.  Dei yndige ekspeditrisene kunne fortelja at dei allereie er i gang med å fylla opp hyllene i påvente av festivalen.

Vi vart rørte til tårer av synet som møtte oss då vi kom opp til garden. Tunet var rydda og det hadde vorte sett opp gjerder ved Kafresn-luka og den no neddotne siloen. Inne i våningshuset var det oppreidde senger. Eigarane hadde til og med sett opp ei snøgg internettkopling (som no gjer det mogeleg å blogge frå garden).

-Fantastisk, sa PC.
Hovudscena
Vi gjennomførde ei rask synfaring av området der vi målte opp dei to scenene og kika etter potensielt bygningsmateriale.

Festivalleiar Ese kom i båt i sjutida, med ein representant for pressa. Vi varma opp lapssodden (merk: lapssodd skal aldri koka), og sette til livs eit herremåltid med flatbrød og smør attåt.  

-Smør er godt, sa PC

Etter synfaring nummer to sette vi oss til på verandaen med utsyn til fjorden og naut nokre kalde pilsner (sjølvsagt heldt både båtføraren og pressemannen seg klinkande edrue). Båtfolket returnerte til Systrond, og vi kunne la kveldsroen senkja seg over fresvikbygda.

Fresvik