Innlegg

kulturkort2

Mellom 18 og 20 år? – få billege billettar til Fres Festival 2013!

I år – som i fjor – er Fres Festival ein del av Kulturkort for ungdom – ei ordning i regi av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Dette betyr at dersom du er mellom 18 og 20 år, så får du heile 200 spenn i rabatt på årets festivalpass!

Dermed kan du sikra deg festivalpass til Fres Festival 2013 for latterlege 499 .- kr inkl billettavgift! Talentlaust billeg!

Er du ein ungfole? Her kjøper du monsterbillege festivalpass til Fres Festival 2013! Det er begrensa antal ungdomsbillettar tilgjengeleg. Ungdomsbillettar som er igjen etter nettsalet blir lagt ut for sal i inngangen frå kl 12:00 torsdag 25. juli.

Lurar du på kven som kjem til årets Fres? Sjekk ut artistsida!