Tag: bacon

Fresvikbui! Åpen til 18:00!

av Håvard den 08/07/2009, i kategori Fres 2009

Elleville opningstider på nytenkande bu i Fresvik. Økonomiekspertar i ekstase!

Bui: for all your festival needs and more!

Bui: for all your festival needs and more!

Det vart ekstremt god steming på bui i dag då leiinga kom innom for sin daglege handel av lapssodd og bacon og fekk den store nyhenda om at bui i Fresvik under årets Fres Festival vil halda åpent heilt til 18:00 (!) på fredag og laurdag. Dette til stor glede for festivaldeltakarar som ikkje alltid kjem seg opp til klokka to om morgonen. Ein antek at denne ikkje ueffne utvidinga av opningstida vil medføra ei heving av jovialitetsfaktoren med opptil fleire prosentpoeng. – Vi gledar oss stort, seier Eldri Hatleli frå andre sida av ein høgteknologisk kasse utstyrt med pipp og kortterminal og det heile.

Bui i Fresvik vil supplera alle dei artiklar som er naudsynte for at ei vellukka festivaloppleving skal finna stad. Leiinga anbefalar bui på det varmaste.

3 kommentarar :, , meir...

Leiinga anbefaler 4.0

av Gunnar den 02/04/2009, i kategori Leiinga anbefaler

Baconlube

Baconlube

Frå J&D’s (dette framifrå selskapet som også står bak nyvinningar som Bacon Salt og Baconnaise), kjem no nyvinninga Baconlube! (les meir…)

Comments Off :, meir...

Leiinga anbefalar 3.0

av Håvard den 27/03/2009, i kategori Fres 2009, Leiinga anbefaler

Endeleg håp for dei som ikkje kjem seg opp om morgonen!

Kven har vel ikkje kome for seint til festival eller jobb som følgje av forsoving? Dette kan ein no med største lettheit unngå …

(les meir…)

9 kommentarar :, , meir...

Leiinga Anbefalar 2.0

av Håvard den 13/03/2009, i kategori Leiinga anbefaler, Ymist

Fre(s)dagen vert ikkje heilt den same utan.

Mo's Bacon Bar

I beste fredagsmagasin-stil slo leiinga for Fres Festival i Fresvik til med nok ei kulinarisk anbefaling til glede for nye og gamle lesarar. Etter førre veke sin suksess, Baconnaise, fleskar leiinga no til med baconsjokoladen Mo´s Bacon Bar! Få om ingen hadde vel trudd at ein slik kombo var mogleg på komma på, men leiinga er djervare enn som so, og etter ei lita veke med intens googling kom dei fram til denne godbiten. Debatten let ikkje vente på seg, og på internettet sine tallause fora gjekk debatten alleie lågt og litt høgare enn lågt om dette kan tolkast som nok eit teikn på at leiinga er storkapitalen sin diegris.

(les meir…)

1 kommentar :, , , , meir...

eldre

Ser du etter noko?

Søk her:

Finn du framleis ingenting? Prøv å leite i forumet.

Poll

Prim eller brunost?

View Results

Loading ... Loading ...

Arkiv

Heile driten, kronologisk...