Innlegg

Fres Festival bæsjar ikkje i fjorden!

Kredibel festival nektar å blindt følgje ny trend. Etter at det i den alltid aktuelle lokalavisa Sogn Avis stod å lesa om kva visstnok som er framtida innan kloakkavvikling, fann den alltid agile leiinga i Fres Festival det naudsynt å gå ut med eit proklama om deira syn på denne saka.

-Enkelte lokalpolitikarar her i distriktet tykkjer moglegvis det er heilt greitt å sånn helit utan vidare sleppe avføring direkte ut i fjorden, men vi for vår del tykkjer d?t er direkte usmaklege. Rett nok er vi eit alternativ til alternative festivalar, men her lyt til og med vi setja ned foten. Leikanger Vensrte sin mann Rolf Nesheim sitt forslag til framtidas kloakkløysing kan vi diverre ikkje stilla vår cred bak, seier ein kampklar Per Christian Grov på satelitt frå Roskilde Festivalen der han i skrivande stund er på studietur i lag med Lars Tore Skau, også frå leiinga i Fres Festival.

Artikkelen vert kontinuerleg oppdatert. KONTINUERLEG!