Innlegg

Lokal avis hypar Fres-aktuelt band!

,

NME-tilstandar i Sogn Avis? Den lokale og kultuorienterte avisa Sogn Avis hadde i si torsdagsutgåva ein frekk tosiders artikkel om det Fres-aktuelle bandet Automobil frå øppste Jøsten. Mange spør seg no om Automobil kjem til å mista fotfestet fullstendig og gje seg hen til arenagigs, kokain og feite sponsoravtalar med SonyEricsson etter at Sogn Avis no har peika dei ut som “Eit nytt og lovande Sognaband”.

Den kontroversielle artikkelen i torsdagens Sogn Avis er skrive av den gravande kulturjournalisten og bloggaren Joachim S Laberg. Eit aktuelt spørsmål er no korvidt det er Sogn Avis og Laberg sin intensjon å hype opp Automobil for so etter eit halvt ås setta inn ein seriøs kritikarbacklash i beste musikksjournalistiske stil. Heldigvis er det lite som tyder på dette. Nyhende var torsdag ettermidag som einaste partipolitisk uavhengige metanyheitsorgan i kontakt med ein vanlegvis mediesky Laberg for ein kommentar:

-Eg gjer berre jobben min som kulturjournalist i ei lokalavis,(Sogn Avis. Red.anm) og det er alltid kjekt å kunne fortelje lesarane våre (Sogn Avis sine. Red.anm) om kva som rører seg på rockescena.

Uansett kva som skjer, Automobil vil verte å oppleva på den hottaste festivalen i Fresvik; Fres Festival, siste helga i juli 2007. Nyhende gler seg.