Innlegg

Datarock

Datarock frå Bergen tok verda med bris i år 2001 då dei slapp ein split 10″ i lag med Stockhaus (kjent frå Fresvenene i Ungdomskulen). Sidan den gong har Datarock stort sett gått rundt i sine etterkvart legendariske raude joggedressar, medan dei har lagt konsertpublikum etter konsertpublikum for sine takttrampande føter. Ikkje mindre enn 850 konsertar i meir enn 35 land har Datarock rukke å gjort unna før dei set seg i bilen og vender sine tett behåra brystkassar mot Fresvik og Skau. Holy moly – dette vert nok over gjennomsnittet bra!

Kriblar det i joggedressen din òg? Kjøp billett til Fres  14 no!

Det blir åpenbart godstemning på Skau med ristbare hits som Fa-Fa-Fa, California, Catcher in the Rye, Amarillion, Computer Camp Love og ein haug med andre.

Sjekk dei  ut på spooot vel:

Stein Torleif Bjella

Dei tause menns talsmann!

Det er nesten ikkje til å tru at det er sant. Sjølvaste Stein Torleif Bjella tek turen like frå Øvre Ål til Skau for å fortelja om sitt. Han må meir enn gjerne presse seg på, ta seg ein tur for å fortelja om sitt, for Stein Torleif har i løpet av tre album – Heidersmenn 2009, Vonde Visu 2011 og Heim for å døy 2013 – verkeleg teke steget opp til å bli landets ubestridte konge av countryviser og eksitensiell melankoli.

Ikkje sidan, vel, ikkje sidan nokon gong, har ein norsk artist levert så presise og djupegåande sklidringar av livets feilskjer, vindskeive skjebnar, og det underlege rurale saknet som pregar fråflyttingstruga bygder. Visene til Stein Torleif er alle reiser til ein stad der grusvegane er ekstra støvete, granfelta ekstra tette og der den uforklarlege kombinasjonen av heimlengt og sjølvforakt alltid lurar like om hjørnet.

Klar for å få med deg Bjella du óg? Kjøp billett til Fres  14 no!

Ikkje berre har publikum trykt Stein Torleif til sine bryster, også kritikarane har lagt sin elsk på denne skjeggemannen frå Ål: Rikskringkastinga si ungdomssatsing trilla høge kast for fjordårets Heim for å døy, og det same gjorde hovudstadsavisa Blabladet. Vonde Visu vart i 2011 krona med Spellemannspriså i kategorien viser.

Det er å anta at Skausgarden og Fresvik kjem til å gjer musikken til Stein Torleif Bjella den mest velpassande ramma den nokon gong har blitt framført i. Det er all grunn til å forventa at dette vert ein av dei mest spesielle konsertopplevingane du kan få med deg på Fres Festigval 2014. Kanskje den mest spesielle i heile  festivalen si bjellaaktige historie.

Vi er heilt latterleg stolte av å kunna presentera: Stein Torleif Bjella. Take it away!

Sjekk ut meir Stein Torleif på Spotify!
Følg Stein Torleif på Facebook vel!

DJ Ralph Myerz

TWO NITES INNA ROW!

I frykt for å gløyme noko her så har me valgt å la Ralph Myerz skrive litt om seg sjølv. Det er heilt fleipete, men JA, han kjem til å gjere to eit heilfrekke dj-set på Skausgarden både fredag og laurdag på Fres Festival 2014!

Ralph Myerz startet i 1997 Ralph Myerz & The Jack Herren Band som har turnert verden over, og solgt over 400 000 plater. Bandet er fremdeles aktivt og fikk i april i år en gullplate for sin andre plate Your New Best Friends. Etter tre album sammen med bandet fortsatte Ralph med soloplater, dj’ing og produksjon for andre artister. I 2009 kom Ralph sitt første soloalbum, Ralphorama!, som hadde legender som Devin the Dude, Talib Kweli og Kurupt på gjestelisten.

Og vet du hva? Disse spiller også på Fres Festival 2014!

Ralph sin forkjærlighet for myk, sommerlig vestksytshiphop ble ytterligere forsterket da samarbeidet med Dogg Pound tok til for alvor i 2010. Dette har resultert i platen Super Sonic Pulse (2013), som ble spilt inn sammen med George Clinton og Snoop Dogg i Los Angeles. Første singel er bl.a med Snoop Dogg & George Clinton. Ralph var ikke verre på det enn at han rett og slett casha inn en Spellemann for denne skiva!

Ralph driver forøvrig ikke kun med hiphop, og er nok mest kjent for melodisk, kosmisk disco, og i 2011 kom platen Outrun som var fylt til randen med kosmisk dansemusikk i alle former. Første singel fra platen var gjestet av ingen ringere enn Diana Ross & the Supremes. Av andre samarbeid de siste årene kan Scissor Sisters, R Kelly, Christina Aguilera, David Banner nevnes.

I tillegg driver Ralph sitt eget plateselskap Disco Pinata Records, som kommer til å gi ut en salig blanding av norsk disco og amerikansk hiphop dette året.

Men! Ralph har heldigvis tatt en pause fra studioarbeidet og kommer til Fres Festival med sekken fullastet med nye låter fra de nye platene, og kommer til å levere ett forrykende djset spesialdesignet for både føttene og hjertet.

Lyst til å danse av deg føtene? Kjøp billett til Fres Festival 2013!

Lindstrøm

Hęi-lfr-ękt!

Sjeldan har gleda over norsk husmannskost vore større enn då me fekk bekrefta sjølvaste Lindstrøm til Fres. Ja, du kjenner han kanskje som mannen bak fire(!) spellemannsprisar, eller kanskje du har dansa til dei suggerande Oslo-disco rytmane på ein festival i Spanien? Fine strende, berre nippande på vin, i maoneskin.

Med ein imponerande katalog av bangers og ikkje minst ei usedvanleg internasjonal turnéliste kjem Lindstrøm til Fresvik med mellom anna husmannskostfavorittane på Smalhans frå 2012.

Fres Festival, no også verdas beste diskotek!

Og billetten din flir du deg her!

Sjekk ut Lindstrøm på Spotify!
Lik Lindstrøm på Facebook!