Tag: Artistslepp

Fres Festival sikrar Ungdomskulen i Fresvik! Dei fysste banda er klare!

av Håvard den 12/05/2009, i kategori Artistar 2009, Leiinga informerer

ungdomskulen1

Fres Festival i Fresvik, Vik kommune, har i dag den store gleda av å opplysa om at det også i år vil verte band å høyre på garden Skau siste helga i juli. Kva som er og ikkje er siste helga i juli er, kva Fres Festival vedkjem, opp til leiinga og berre leiinga å bestemma, og leiinga har bestemt at siste helga i juli i år tek til fredag 31. juli. Alle som har meiningar om dette bes kontakta næraste stein, bildekk og/eller liknande og lufta tankane sine der.

Når det er sagt er den fysste batchen med band som skal spela på 2009-utgåva av Fres Festival følgjande: Båååv, Tyyl!, Wolfram, Klagemur, The Generous Days, Impedansebande, TYST!, The Making of Gentlemen, Canoon frå Kølabånn, At Any Time og UNGDOMSKULEN!! (les meir…)

10 kommentarar :, , , meir...

Ponas returnerar til Skausgarden

av Håvard den 15/07/2008, i kategori Artistar 2008, Fres 2008

Også i år vil Ponas stilla på Fres Festival med herleg frekk elektronika!

Ponas Det var stor stemning i Fres HQ natt til tirsdag då det endeleg vart klart at fjorårets store elektronikaoverrasking, Ponas, tek turen til Skausgarden siste helga i Juli 2008. Bookingavdelinga melder at dei har spretta sjampis og sprettballar i ein heil dag til endes no, og at sprettinga antakeleg vil tilta utover kvelden.

Nyhende kjem attende med Geir.

Sjekk ut Ponas på Myspace

Comments Off :, meir...

Fres Festival! No og med artistar!

av Håvard den 03/05/2008, i kategori Artistar 2008, Fres 2008

Dei første artsitane i årets lineup er klare! Det var natt til torsdag at leiinga bestemte seg for å kunngjera dei første artistane til på årets Fres. Dette skjedde mellom høge slanke glas og kanapear på Litteraturhuset i Fresvik.
Etter det Nyhende i skrivande stund har greve fram er det snakk om dei heilfrekke banda Kids in the Heat, Eliminova, Genianalus, The Generous Days, Rubini, Monica Eide og Roadkill!

I ein ekstraordinær pressekonferanse på Sognefjord Hotell, Knausen, kunne Gunnar Husabø slurpa følgjande:
– Denne mellombelse lineupen er til dykk! Folket! No er det berre å lene seg tilbake og venta på sommaren og årets Fres. Det kjem og til å dryppa jamnt med ytterlegare artistar etterkvart som kickoffet nærmar seg! Takk kameratar!

Sjekk ut artistsida her.

Comments Off : meir...

Dei første banda klare!

av Håvard den 20/04/2007, i kategori Artistar 2007, Fres 2007

Ingen festival utan musikk, seier ein kjenselladd men fatta Lars Tore Skau! Det første knippe med band som vil verte å oppleva på Fres Festival 2007 vart natt til onsdag offentleggjorde, og punk og metalfaktoren ser ut for å verte stor på årets Fres.

- Me er glade for endeleg å kunna presentera ein gjeng med band. Sjølv om desse heilfrekke banda er ein festival i seg sjølv, er dette berre byrjinga og det vil drypa jamt frå den lokale bandhimmelen utover våren og sommaren seier ein for anldninga ulasteleg antrekt Lars Tore Skau frå festivalleiinga på 3G frå sjølvaste vestlandshovudstaden Bergen.

Sjekk ut dei Fresklare banda på artistsida

Comments Off : meir...

nyare eldre

Ser du etter noko?

Søk her:

Finn du framleis ingenting? Prøv å leite i forumet.

Poll

Prim eller brunost?

View Results

Loading ... Loading ...

Arkiv

Heile driten, kronologisk...