Tag: Artistslepp
To nye band bekrefta!
av Håvard den 14/05/2010, i kategori Artistar 2010, Fres 2010, Leiinga informerer
The Alexandria Quartet og Koppen tek turen til Fres Festival 2010
Sjokkbølgjene etter nyhenda om at Tim Fancy tek turen til Fresvik i sommar hadde knapt nok sleikt fjøresteinane då nok ei bombe av eit bookingskup slo ned i HQ på Skausgarden.
Grand Island til Fres Festival! Cowabunga!
av Håvard den 19/04/2010, i kategori Artistar 2010, Fres 2010
Dei fyrste artistane til det som ser ut til bli tidenes lineup er klare!
Vener av Fres, Vener av musikk! Ein dykk! Frå og med i dag er ikkje Fres Festival 2010 ein festival utan band! (les meir…)
Programmet er klart!
av Håvard den 20/07/2009, i kategori Artistar 2009, Fres 2009
Årets Fresprogram er klart! Supergrüppa Bombeklüchter opnar årets festival!

Program 2009
Det var natt til i dag tidleg at programmet for årets utgåve av den nytenkande og nybrottsorienterte festivalen Fres Festival i Fresvik, Vik Kommune, vart klart. Med den heilfrekke bookinga av det relativt høgt utdanna pønkebandet Bombeklüchter er årets festivalprogram komplett. Og for eit program! Sjeldan, eventuelt ein eller anna plass mellom sjeldan og aldri, har programmet vore sopass grensesprengande og dynamisk som i år. Vinnarar av prisar av ulik karakter formelg står i kø (mykje ved hjelp av Fres Festival sitt eigenutvikla kølappsystem for artistar ArtQue™. red.anm) for å underhalda det musikkglade Frespublikummet.
Fres Festival tek atterhald om endringar. Sjå programmet i sin heilskap her!!
Lukestar til Fres Festival, Fresvik!!!1!
av Håvard den 26/05/2009, i kategori Artistar 2009
Spelemannsprisvinnande act vitjar Fresvik i samband med avvikling av jovial festival!

Ein Äpfel vielleicht?
Det var med ikkje so reint lite glede og liknande at bookingkommisjonen på den alltid utanfor-boksen-tenkande festivalen Fres Festival natt til tirsdag kunne gjera vitterleg at frekkasbandet Lukestar tek turen til årets Fres! Lukestar består av fire kjekke menn frå høvesvis Kjelsås, Grefsen og Nordnoreg. Dei stakk i vinter av med spelmannsprisen i kategorien rock, og vi kan dermed konkludera med at det er rock dei spelar. Dei sleppte i fjor sin andre fullengdar, Lake Toba, som vart premiert med nemnte spelemannspris samt mykje speletid på rikskringkastinga sitt program 3 (p3). Lukestar tek turen direkte frå Kirkenes, der dei etter seiande skal fiska laks og spela på ein ungdomklubb.
(les meir…)



