Posts

Fres Statistiske Bureau attende med sjokkerande avsløringar!

fressb

Statistikkbureaua sitt opprørske søskenborn er attende!

Nok ein gang går det sjokkbølgjer gjennom statistikkmilieuet i Noreg i det Fres Statistiske Bureau, ved statistikkadmiral Øyvind Vormeland Salte, gjer det klart at dei ei heller i år kjem til å ligga på den statistiske latsida. Med avslørande statistikkar, djerve prediksjonar og nytenkande analysar vil FresSB forsyna den beleste og opplyste festivalgjengar med alt han eller ho kan tenka seg av tal og val. Den fysste statisikkmeldinga, FOS 2009:1, er allereie publisert og avdekker samanhengar mellom den globale økonomiske nedgangen og RadioFres sine lyartal. Statistkkmeldinga føreligg som alltid på smekkert riksmaal, og kan nytast i si heilskap her.
Read more

Stygg personalsak i underavdeling!

FresSB ute med brannsløkkjande pressemelding.

Det var i løpet av ettermiddagen idag fredag at Bureusjef i FresSB, fresoragnismen sitt sentrale statistiske organ, øyvind Juan Vormeland Salte, måtte gå ut med ei pressemelding for å få klarheit i ei personalsak som utan djerv og handlekraftig handsaming lett kunne ha enda opp i ein skandale av Yssiske proposjonar. Pressemeldinga vart lagt ut på Fres Festival sitt offisielle forum og let som følgjer:

Pressemelding
Angående Mæhle-saken:

Det har i det siste blitt rettet skarp kritikk mot FresSB for måten bureauet har håndtert personalsaken rundt Ola V.M. Enkelte har sågar kalt det den nye Yssen-saken.

FresSB og især undertegnede vil i den forbindelse komme med noen oppklarende kommentarer:

1. Mæhle er og har vært en viktig ressurs for FresSB. Akkurat i hvilken kapasitet han har vært det er noe usikkert, men det er klart at vi ikke ville ansette en Forskningsdirektør som så bare lot være å gjøre noe!

2. Hvis Mæhle selv hadde blitt gravid, slik Yssen ble, ville FresSB nok blitt noe overraska, men det er klart at etter det første sjokket hadde gitt seg hadde vi reagert med gratulasjoner. Det ville tross alt ikke vært første gang det skjedde med en mann.

3. Hele ledelsen i FresSB stiller seg bak Bureausjef/main cheese/kaptein på FresSBs bedrifts-petanquelag, øyvind V.S.

4. Enkelte deler av pressen har også satt spørsmålstegn ved bruken av avføringsprøver i statistikkproduksjonen. Til det har FresSB bare en kommentar: den som får rede på hvordan pølser og statistikk blir til vil aldri igjen få en god natts søvn. (Bortsett fra det med pølsene da. Det er en ganske straight forward prosess.)

Mvh
øyvind V.S.
Fres Statistiske Bureau, FresSB
statistikk@fresn.com

Nyhende lukkast berre for kort tid sida å få ein kjapp kommentar frå ein overarbeidd Gunnar Husabø frå festivalleiinga.

– Det er godt å sjå at personalsjefane i dei ulike administrative oragana i fresorganismen framviser kløkt og handlekraft i pressa situasjonar. Eg har full tiltru til at Vormeland Salte handterer denn saka på ein hensiktsmessig måte. Hadde han berre skrive på nynorsk og ikkje på dette “riksmaal”, sa ein passerande Husabø på veg til eit viktig møte over ein kjølig Vichy Nivaeu med mango og papaya.

Statleg kompetanse til Fres Festival

Fres Festival får orden på eigen statistikk

Det var i kjølvatnet av dei siste dagars oppheita debatt kring statistikken om Fres Festival 2006 sitt onlinetilbod fresn.com at festivalleiinga kunngjorde at dei kjem til å tilsetje øyvind Vormeland Salte frå Statistisk Sentralbyrå, SSB, som statistisk ansvarleg. Dette for å få klarheit i debatten, som har dreid seg om kovidt det faktiske er noko sannheitsgehalt i det heile i statistikken som tilseier at interessa rundt fresn.com er i ferd med å nå intergalaktiske proposjonar.

At Vormeland Salte no tiltrer i stillinga som statistisk ansvarleg vekker oppsikt både lokalt og nasjonalt, og ikkje minst hjå Vormeland Salte sjølv. På spørsmål om korvidt han kunne vore interessert i stillinga som statistisk ansvarleg svara ein oppglødd Vormeland Salte;
-Så klart. Det ville være en ære!

Frå utsida kan dette verka som nok eit vitnesbyrd på festivalleiingas fortreffelege vurderingsemne og handlekraft, å hyra inn ekstertn kompetanse for å skapa klårheit i eit betent tema. Men so enkelt har det denne gong ikkje vore festivalsjef Skau og dei andre i leiinga. Den som har fulgt med på den lidenskaplege ordtøkja op fresstatistikken har sikkert fått med seg at den mest kristiske røysta var nettopp nytilsette Øyvind Vormeland Salte si, og at det var nettopp han som sådde tvil kring det reint metodiske aspektet ved fresn.com sine statistikkar.

På direkte spøsmål om dette er eit utykk for klassisk renkespel frå leiinga si side svara festivalsjef Lars Tore Skau;
-Vi skjønar at den gravande delen av pressa lett kan stilla spørsmål til våre prosedyrar kva tilsetjingar vedkjem, men som vi seier i leiinga, gjer ikkje ei utfordring til ein del av eit problem, gjer heller utfordinga til ein del av staben!

I ein kommentar i etterkant av tilsetjingsmøtet seier Per Christian Grov frå leiinga at Vormeland Salte kjem til å få fleire arbeidsoppgåver enn rein statistikkhandsdaming.
-Den som har fulgt denne svært interessante debatten tett har sikkert lagt merke til at Vormeland Salte, som og held ein bachelor i symbologi, ikkje berre er ein framifrå statistikar, men også ein djerv kodeknekkar og ein røynd konspirasjonsteoretikar. Vormland Salte kjem difor til å væra ein sikkerheitsventil for Fres Festival 2006. Vormeland Salte vil væra vår garantist for vi aldri kjem til å konspirera med den heilage pavestolen, IKEA eller andre malignante imperium.