Innlegg

Hegg-Lunde held til firar

,

Vestlandskjendisen varmar opp til Fresn med Nattjazzen.
øyvind Hegg-Lundes Cloudberry, som opptredde på Nattjazzen i Bergen i helga, spelar i følgje meldar Einar Engelstad ny norsk melodiøs jazz med et visst nasjonalromantisk tilsnitt. Det er berre eit tidsspørsmål før de når langt utenfor bygrensen, sjølv om det no let litt skoleflinkt. Engelstad gjev konserten fire av seks mogelege poeng (BT 28/5/2006).

-Hadde det ikkje vore for dei idiotane eg spelar med, hadde det vorte seksar, skriv ein tydeleg skuffa Hegg-Lunde i eit brev til Nyhende. Han lovar at han skal kvitte seg med daukjøtet før han kjem på Fresn.

Hegg på Stein avlysar på Fres

,

Skuffa leiing drøftar søksmål.

Den framadstormande perkusjonisten øyvind Hegg-Lunde har avlyst sin opptreden under sumarens Fres Festival. Han prioriterar istadet ein supportjobb for Terje Isungset.hegg

-Reint kontraktsbrot, rasar Håvard Ese Eliassen. Det var ikkje mogleg å komme i kontakt med Hegg-Lunde for ein uttalelse.

-Verkeleg eit slag i magen, men me jobbar hardt med å få til ein erstattar, kjem det frå Eliassen. I følge leiinga vil dei bringe saka vidare, og dei er sikre på å triumfere. -Dette er ikkje fyrste gongen me har hatt ei tvistesak, uttalar uavhengig juridisk representant stud. jur. Syver Grepstad, -Hegg-Lunde er småfisk, slikt kan berre gjere oss sterkare.

Erstattar vil bli offentleggjort dei næraste vekene.  Leiinga ynskjer ikkje å nevne navn enno.