Posts

øko-skandale

Skandaløse tilstandar på rockefestival i hovudstaden.

Frontlinjene i kampen mot økomaten spissar seg til. I ein artikkel på panorama.no kjem det fram at leiinga for Øyafestivalen har bite på den tofuhyllande vegan-propagandaen og gjort knefall for økofascismen.

Festivalen, som ope innrømmer å ha framelska ein “økologisk profil” over fleire år, har etter det Nyhende har avdekka konspirert med Yoko Ono og dei økologiske femtekolonnistane i Oikos (interesseorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, red. anm), med det for auga å servere over 50 000 porsjonar med økologisk mat til intetanande festivalgjengarar.

– Dette er heilt klart ei mistolking av ytringsfridomen, og det er eit tungt steg tilbake i denne kampen vi har utkjempa over lengre tid, seier ein provosert, vonbroten, men kamplysten Per C. Grov frå Leiinga, over to munnfullar pølsegrateng i ei smakfullt innreia, om enn forsvinnande lita leiligheit på Grünerløkka (das Stadtteil des möglichkeiten).

På spørsmål om Fres Festival no føler seg pressa til å løfte på tofuforbodet, siterer Grov sjølvaste Winston Churchill:
– Det kan no sjå ut som vi står åleine i denne kampen, men eg trur vi i ettertid skal kunne kle oss i Churchill sine ord, og seie “Never in the field of human conflict was so much owed by so many to so few.” Som de sikkert skjønar kjem vi ikkje til å vika frå Manifrestes andreparagraf, som uomtvisteleg seier at det ikkje blir på tale med tofu på Fres. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Vi er då for svingande eit alternativ til alternative festivalar.