Innlegg

Nytt band bekrefta!! Tyyl tek turen til Fres!

Men siste bookingord var ikkje sagt! Idet folk i bookingmilieuet i landet elles hadde slege seg til ro med at no kunne ikkje bookingavdelinga på den so å sei uavhengige festivalen Fres Festival i den avsidesliggande men akk so naturskjøne bygda Fresvik på vestlandet karra til seg fleire potente rockeband syner det seg at nemnde bookingavdeling har sikra seg ballerockebandet Tyyl frå ås. Tyyl kjem til Skausgarden for å skjemma vekk årets festivalpublikum med frekk rock på sognamaol! Tyyl held til vanleg til rundt ås i Akershus, men kan none the less skryta av å ha med sjølvaste øppstakongen Håvard øyrehagen på vokal noko som i følgje det Nyhende har fått med seg er grunn nok til å ta turen til Fres Festival siste helga i juli. -Detta bandet tilhøyre Hagen, seier kulturjournalist Joachim S Laberg i ein kommentar.

Nyhende greidde tirsdags ettermiddag som einaste uhilda nyheitsorgan å få eit par ord ut av ein pressa PC Grov.

– Haha! Eg får meiroso flinao når eg tenkjer på at Tyyl kjem til Fresvik og Skausgarden for å dra noko som utan tvil kjem til å verta eit heilt sjeft sett med rockelåtar, seier ein oppglødd Per Christian Grov frå festivalleiinga over ei god skei lapssodd.