Innlegg

The enemy draws nigh!

økologoiske produkt i produksjon farleg nær Fresvik. Det som såg ut til å verte ei roleg veke for Leiinga for Fres Festival 2006 vart femte juni, dagen før satans dag sjette juni 2006 (ei tilfeldigheit, vi trur ikkje det, red.anm) omgjort til noko i retning av ei krigserklæring idet det kom leiinga for øyret at økologisk iskrem vert produsert i Feios, bygda på terskelen til Fresvik.

Leiinga melder om at dei tek dette svært alvorleg.
– Det herskar ingen tvil om at dette er stikk i strid med Manifrestets paragraf 157, sjette avdedeling, som uomtvisteleg seier at det ikkje vert høve til å nytta eller produsera øklogiske produkt på Fres Festival, seier ein vonbroten festivalsjef Lars Tore Skau på satelitt frå Bergen.

Noko av det som opprører leiinga mest skal etter seiande væra det særs inkriminerande sitatet frå Sogn Avis av femte juni:
– Det er spennande å prøva ut nye ting, og økologi er ein ideologi me liker, seier iskremprodusentane i Feios.

-Det opplevast naturlegvis som ubehageleg, ja nesten trugande, når noko slikt dukkar opp ei knapp mil frå festivalområdet. Vi er jo trass alt eit alternativ til alternative festivalar, seier ein alvorstynga men kampklar Gunnar Husabø frå Leiinga på teleks frå Ålesund der han i skrivande stund deltek i ein meir enn viktig konfirmasjon.