Det nærmar seg den tida av året igjen, den tida då dei mykje omtalte fresdassane skal målast i årets farge- og designprofil. Les meir
Det nærmar seg den tida av året igjen, den tida då dei mykje omtalte fresdassane skal målast i årets farge- og designprofil. Les meir
Finst det nokon betre stad å tilbringe sommaren enn Fresvik? Truleg ikkje.
Opptrappinga til festival er i gong, noko som inneber intens synfaring, telefonering og spekulering på om infrastrukturen på garden er robust nok for å tole endå eit år med festival. Sidan måndag har representantar frå arrangørane vore til stades på Skau, og me kan melde at alt ligg til rette for at det blir festival i år også.
Tidlegare i veka vart det uttrykt bekymring for at medarrangør Grov har lagt ut på ein hasardiøs kajakktur i Sognefjorden, men så langt ser det ut til at han overlever dette. Arrangørane er altså snart fulltallige på Skau, og for dei som tilfeldigvis er i området er det berre å stikke innom. Og dersom de ikkje har anna å gjere, vil me instendig oppfordre at de melder dykk frivillig til å ta i eit tak. De vil få løn i himmelen, samt ei T-skjorte, dersom de stiller opp som vakter.
Artikkelserien “Fjes frå Fres” dundrar vidare, og i dag kan me presentere ein meget eksklusiv gjesteskribent.
Me sparkar i gong sumaren med ein flunkande ny artikkelserie her på fresn.no. Her vil kjente fresfjes berike oss med kunne om ulike tema, og me vil bli litt visare.
Les meir