FAQ

Spørsmål og svar om Fresn.

Når går dette heilfrekke arrangementet av stabelen?
Fres Festival 2010 går av stabelen fredag 30.juli og varar til søndag 1.august. Rydd kalenderen.
Kvar er dette Fresvik?
Fresvik er lokalisert på sørsida av Sognefjorden, knappe to mil aust av det famøse ferjeleiet Vangsnes.
Korleis kjem eg meg til Fresvik?
Kom deg til Vangsnes og reis knappe to mil vidare innover fjorden. Vi vil anbefale buss, som bl.a. går klokka 16:05 på fredag. Andre tider og lenk til returtabell finn du på ruteinfo.net.

For dei som vil ta snøggbåten (t.d. frå Bergen), vil vi opplyse om at Fjord1 ikkje lenger stoggar, fordi dei seier at oljeprisane er for høge. Du kan likevel reise med hurtigbåten til Vik (sjå Fjord1 sine sider), og finne alternative ruter vidare.

Med bil frå Bergen: Køyr til Voss, vidare over Vikafjellet forbi Vangsnes og Feios og vips er du i Fresvik (sjå kart i Google maps).

Frå Oslo: Køyr ring 3 vestover mot Sandvika der du tek mot Hønefoss. Hald fram i retning Flå, Nesbyen og campingparadiset Gol, passer alle desse, køyr gjennom Hemsedal, over fjellet og ut Lærdal. Ta til venstre ved Håbakken, og nyt turen gjennom verdas lengste hol, Lærdalstunnelen, til Aurland. Køyr i retning Bergen til du kjem til Vinje, der du held fram over Vikafjellet (som om du kom frå Bergen). Dersom du ikkje likar tanken på å vitja Hordaland fylke, kan du i staden reise rett forbi holet, mot Fodnes-Mannheller-ferja og ta turen forbi den høgt utdanna Systrondsbygdi. Køyr vidare til Hella-Vangsnes-ferja og sving brått mot venstre og køyr dei to mila inn til Fresvik.

Frå Trondheim: Køyr E6 sørover til Otta (eventuelt ta den pittoreske snarvegen Sel-Vågåmo), køyr mot Lom og vidare over Sognefjellet (og nyt fjellandskapet ved Nord Europas høgaste fjellovergang – 1430 moh) til Luster. Følg den smale vegen i retning Sogndal (ta gjerne ein rast ved Pyrrisen i Gaupne) og vidare utover mot den høgt utdanna Systrondsbygdi etc. Frå Tromsø: Flytt til Oslo, Bergen eller Trondheim og sjå ovanfor.

Kva kostar inngangsbilletten?
Billetten kostar 300,-, og den gjev adgang til alle konsertar samt overnatting på campen.
Kven kan koma?
Alle som vil. Alle som etter norsk lov er gamle nok til å leska seg sjølve med kaldt gyllent pilsnerøl.
Kva skal eg ta med?
Telt. Øl. Mat. Cash/kontantar.
Kan eg eta/oppbevara tofu?
Nei.
Kva artistar/band kan eg oppleva?
Lista over band som kjem på Fres Festival finn du her. Denne lista vert kontinuerleg oppdatert.
Kva fasilitetar kan Fresvik tilby?
Fresvik kan by på fotballbane, kyrkje, kai, Fresvik Produkt, kafe med utepils, venterom, butikk samt ein årviss festival, Fres Festival, som er der du kjem til å opphalde deg i staden for alle plassane nemnt tidlegare i denne lange og noko merkeleg konstruerte og smått transenderande setninga her.
Kor lenge får vi lov til å vera oppe?
Til 23.15.
Får vi mat?
Ain’t no such thing as a meal that’s free. Detter gjeld og for Fres Festival 2008. Ta med din eigen vel! Det vi derimot kjem til å stilla med er rikeleg med grillar slik at folk kan få anledning til å grilla E-Colien ut av sine respektive Gildeprodukt eller kva anna ein har tenkt å grilla. Hugs for all del å ta med mat, festivallivet krev sin mann og Gunnar Husabø kjem i år neppe til å halda alle festivaldeltakarane med spekeskinke og honningmelon.I tillegg vert kafeen vert opna for Fresn av ungdomslaget på laurdagen, og det vert noko servering frå Kafresn-jentene i løpet av helga. Så viss de har pengar skal de ikkje gå svoltne.
Får vi pilsnerøl?
Nei. Fres Festival er i stor grad ein b.y.o. festival. Du t.d. sørga for å ta med deg eige publikum dersom du spelar i band.
Kvar skal vi sova?
Er du blant dei som finn det heilheitleg å sova på festival, skal dette gå føre seg i telt på campen.
Er det lov å dela telt?
Ja.
Er det lov å klatra på siloen med livet som innsats?
Siloen har rast saman; ergo går det ikkje an å klatra på han. Det er til ditt eige beste.
Kva er ein poll?
Kort innføring.Dette er, etter undersøkingar gjennomført av IT-avdelinga og statistikkavdelinga på Fresn – høvesvis FresIt og FresSB, noko svært mange (77 i skrivande stund) lurar på. Ein poll er ei måling av kva folkesetnaden, i vårt fall representert ved festivaldeltakarar, meinar om foreliggande kasus, sak, hending etc. Dette gjer ein (og med ein, meiner vi firma som til dømes Synovate MMI eller FresSB) ved å stilla eit spørsmål til eit utval av folkesetnaden (les festivaldeltakarar). Dette utvalet av folkesetnaden/festivalddeltakarane kallar ein gjerne ein sample (for å få litt engelsk schwung over det). Kort og godt, ein poll skal måla kva folk meinar om det pollen har som mål å måla. Kva no det enn måtte være. Ein vil òg gjerne sleppe å gå rundt å spørja kvar jævla ein.Kort historikk.

—Den fyrste poll eg høyra fekk, var mor sin poll ved vogga.

Øyvind V. Salte, statistisk ansvarleg, Fres Festival 2006

Hva er en raider?
Ein raider (eigentleg “rider” (eng.)) er ei påteikning til ein kontrakt som listar opp ting artisten krever frå arrangøren. Desse tinga skal befinna seg back stage når artisten kjem til konsertstaden.
Hvilke begrensninger finnes det i raiderpunkter, utover tofu-forbudet?
Kva du vel å setja på raideren din om du skal spele på Fres Festival er det kun fantasien som set grenser for. Kva du faktisk får når du spelar på Fres Festival er det kun Leiinga som set grenser for. Denne grensa er rekna for å væra ei av dei lågaste målbare grensene i verda.
Kan man sette opp “Raider” (nå kjent som “Twix”) på raideren?
Det må ein gjerne gjera. Syner ellers til punktet ovanfor.

Har du spørsmål som ikkje er besvarte her? Kontakt oss via foruma.

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.