Guida turar på Fres Festival

Sjuskete form etter ein lang kveld med konsertar og good times? Frisk deg opp i formen med ein av Fres Festival sine vidgjetne guida turar i Fresvik og dei omliggande fjella!

Med kvalitetssikra og sjarmerande guidar rekruttert direkte frå toppsjiktet i landets sprekaste bygd, og eit breitt spekter av turar tilpassa ulik breidde og kondis har Fres Festival dei siste null åra etablert ein heilt ny standard for turguiding og opplevingsbasert teoretisk reiseliv. Alle turar er graits for deg som har sikra deg billett til Fres Festival 2018.

Finn ein tur frå lista under, meld deg på og klokk inn opplevingstimar du óg! Alle turar har rom for eit begrensa antal deltakarar. Førstemann til mølla er gjeldande opplegg.

Kajakk utan konjakk

Det er faktisk mogleg! Sigbjørn Bøtun – kjendis, humørspreiar og sertifisert kajakkinstruktør – tek deg med på ein runde på fjorden du seint (ca kl 23:35) vil glømya. Ingen erfaring trengs, men symjedyktig må du nesten vere. Turen varar nokre timar og tek deg ut i det herelege fjordbassenget utafor Fresvik og andre stadar Sigbjørn anbefalar. Nærare info om avgang blir publisert når det nærmar seg festival, og bekskjedne utgifter til leige av kajakk tilkjem.

Gira på fjordtur? Send ein mail med “Fjordkajakking med Sigbjørn” i emnefeltet til sigbjorn92@gmail.com. Bon voyage!

Bjørnstigen – når ambisjonane er høge

Likar du oppoverbakkar? Vi har aldri skjønt greia, men sanninga er at det fakstik er megamange som tykkjer oppoverbakkar er awesome! Derfor er det med stor glede vi tilbyr ein fin tur i ei vaksekte oppoverbakke – trygt guida av Dag Einar Bøtun – aka Dee Eddy! Ingen førehandskunnskapar om oppoverbakkar trengs! Turen tek ca 3 – 4 timar, og avreise er kl 09:30 fredag 27. juli. På toppen ventar bad i eksklusiv badekulp og mogleheita til å knipse pictures av tidenes utsikt.

Send mail med “Bjørnstigen opp med Dag Einar” i emnefeltet til  dageinar92@gmail.com, og la oppoverbakken ta deg!

Mulakamben opp – ein Fresvikklassikar

Shitolini! Her har du verkeleg moglegheita til å få oppleva Fresvik frå ein heilt ny vinkel (oppe til venstre). Mulakamben er ein av dei mest besøkte turmåla i, og er rekna for å vere innstegsmodellen blant turane i Fresvik. Til å guida deg tiltoppes får du med deg kjentmann og globetrottar Ruben Bøtun, og turen tek sånn ca to-tre timar. Avreise frå festivalområde vert 10:00 laurdag 28.juli. Og ja, det er GRATIS!

Klar for å bli introdusert for Fresvikfjella? Send mail med “Mulakamben opp med Rubén” i emnefeltet til rubenbotun88@gmail.com.

På bui med Eldri – shop ‘n drop

Elskar du turgåing, men shopping endå høgare? Då har vi eit spesialsydd opplegg for deg! Lokalt gladfjes, sertifisert mystery shopper og tidlgare tilsett på Bui – Eldri Hatleli – tek deg med på ein herleg avslappande rusletur frå festivalområdet og ned på kaien. På kaien er både bui og antakeleg 4H sin stand, og her vil du få høve til å shoppe lokalproduserte varer, so vel som regionalt baserte hermetikkvarer og alt anna ein kan ønska seg!

Turen tek ein times tid og inkluderar ein god kvil på benken framfor Fresvik Kyrkje. Glad i det urbane? Nøl ei – send ein mail med “Buivandring med Eldri” i emnefeltet til hatlelieldri@gmail.com!