BLI FRIVILJUG PÅ FRES!

ME TRENG DEG!

Fres Festival er landets trivelegaste festival! For å få til å bli sopass trivelege, treng vi hjelp av triviljuge friviljuge som nettopp deg!

Som friviljug på Fres Festival får du bidra til at festivalen går som smurt, og at alle som kjem – frå publikum til crew og artistar – får ei flott og trygg oppleving. Du får i tillegg moglegheita til å møte mange nye og gamle vener, og du vil få eit skinnande reint samvit og ein fullstappa karmakonto!

Er dette noko for deg? Fyll ut skjemaet under, så tek vi kontakt. Stay safe – stay friviljug!

SOM FRIVILJUG FÅR DU

  • FESTIVALPASS! OG PLASS PÅ CAMPEN!
  • Ei herleg frekk T-skjorte i årets Friviljug-design
  • Mat og drikke, inkl eitt varmt måltid pr vakt
  • Botnalaus takksemd frå heile Fres organisasjonen
  • Fjordbad er også inkludert

OPPGÅVER

  • Sitte i billettbua
  • Passe at det er ryddig og triveleg og ikkje alt for mange tomflasker rundt om
  • Passe på portar og inngangar
  • Levere ting og tang frå A til B
  • Køyre artistar og crew frå A til B
  • Sjå på konsertar
  • Mange fleire oppgåver etterkvart som dei oppstår

VI FORVENTAR AT DU…

  • Er blid og serviceinnstilt og klar for å snakka med folk
  • Går to skift á 6 timar – (eitt dagskift og eitt kveldsskift)
  • Møter opp til rett tidspunkt
  • Er edru ved oppstart av og under heile arbeidsøkta
  • Er fylt 18 år
  • Rettar deg etter beskjedar frå friviljugansvarleg
  • Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Førarkort klasse C er heilt episk, men ikkje eit krav

Fyll ut skjema for å bli friviljug!