Vinnaren of Jons Mysterier

Mange kjenner no til Jon Jansen. Den trench-coat kledde private etterforskaren som dei siste åra har blitt eit symbol på rettferd – og det heilt utan boikott av Coca Cola eller import av rettferdig kaffi (ei heller boikottar han drikking av det kjende kaffibønneslaget ”urettferdig”).

Ja då, Jon har utmerka seg. Til dømes redda han livet til Fresn-leiinga då dei var forgifta av tofu, og no i vinter avslørte han Mingdrage-mysteriet alt før Hercule Poirot hadde fått svelga første skeia av sin Crem de la Bruchelaut.

Men, det største mysteriet av dei alle er likevel: Kven var fyrst ute med på løyse årets påskekrim? No skulle i grunn vinnaren blitt presentret i denne setninga, men slik vert det likevel ikkje. Eg skal nemleg vera litt meta, og kunngjer med dette at vinnaren av Jons Mysteriere 2008 blir kunngjort i eit mini-mysterium som vil bli publisert i juni!

- Jocko

Ny påskekrim med Jon!

Like sikkert som mannskorrevy og lange quizar i avisene, er den hatteberande privatdetektiven Jon Jansen attende som påskekrimhelt. Denne gongen er ein dyrbar Ming-drage stolen frå den eksentriske samlaren Mr. Chan, og det er opp til Jon å løysa opp i floka.

Sjå påskemysteriet her!
I regi av ei styringsgruppe regulert under ei co-sourcingsavtale mellom fresn.com og jockorecords.com, vert den nyvinnande krimmen lagt ut som konkurranse for tredje år på rad. Nytt av året er at serieskapar Joachim Svanhildarson ?Kimselimsen? Laberg har laga ei eiga Jon-side på jockorecords.com, der ein kan få tilgang til både årets påskekrim og dei to tidlegare Jon-historiene som har vorte publisert på fresn.com.

Det fagfolk innan påskekrimbransjen no spør seg, er om seieren i konkurransen nok ein gong går til øyvind V. Salte.

Oppdatering schmoppdatering

 Publikum, kollegaer, fans

 Arbeidet med den nye sida er i gang, kanskje med litt mindre momentum enn vi hadde sett føre oss i utgangspunktet. Det kjem nok difor til å gå minst ei veke til før vi har noko linknande ei skikkeleg vevside på beina. Til alle de der ute som no surmular og har meiningar om dette og hint, har vi ei klar melding ut frå IT-avdelinga og Fresvik Says: «Prøv å gjere det sjølv, for i h******, så skal vi sjå kor fort det går.»

 Så, tenkjer de, kva skal vi gjere no? Skal vi sitje ved datamaskina og trykke F5-tasten på fresn.com til vi blir blåe i trynet (eller eple-avocado-tasten for mac-folket sin del)? Nei. Vi skal gi dykk nokre saftige linkar å tyggje på i ventetida:

#1 Ein artikkel frå BT avslører «Den andre sida av Sogn og Fjordane» frå Oslo Fashion Week. Trivselsfylket får den noko sjølvmotseiande merkelappen  «ung, urban og trendy» (sjølvmotseiande, fordi folk som brukar ord som «trendy» sjeldan er det). Vi trur likevel på BT, ikkje minst fordi Knut Henning  Grepstad, ven av Fresn og moteekspert, har ei eller anna Rasputin-aktig rolle i skuggane av dette showet. Med Greppen sin sylskarpe analyse av moteshowet, kan vi ikkje anna enn å applaudere tiltaket:

– Kolleksjonen er frisk og nyskapande, og høver både til fritid og fest. Dette vil slå godt an både hos menn og kvinner.

#2 Støtt Vadheim!

Det var alt for denne gong, vi sjåast snart. Eg lovar.

Buzzword 2.0 i pipeline (kva skjer med fresn.com)

IT-avdelinga, Fresvik Says (a.k.a. Fres Grafisk) og Nyhende vil med dette annonsere lansering av nye websider medio/ultimo februari. Avdelingane har no låst seg inne i IT-utviklingslaboratoriumet på Skaussgarden (sjå bilete).

Mainframe

Dei nye sidene skal langt overgå det fresn.com-vitjarane tidlegare har smekta seg med visuelt, redaksjonelt, så vel som eksistensielt.

Vi vil krune relanseringa med både ny podcast og ein ny pamflett i festivalfilosofiserien (som nyss vart tildelt The Golden Demarcation Fork Award frå The Bertrand Russel Center for Excellent Philosophical Research for sitt nybrottsarbeid innan nemnde filosofigrein).

Vi vonar til og med å kunne by dykk på eit rykande ferskt bildegalleri frå Fresn 2007 (noko dei to fystnemnde organ tek gode dosar sjølvkritikk for at ikkje har vorte gjort tidlegare).

For Dyck de Rute er det berre å lene seg attende og vente på den offisielle avdukinga.