Programmet er offentleg!

Program Fres 2010

Programmet er no tilgjengeleg for den nyhendehungrige ålmenta. Som oppvakte lesarar kanskje har registrert, har dei fleste av artistane vorte presenterte tidlegare. Unntaket er wannabe-pønk-bandet Bombeklüchter, som i år — som i fjor og åra før — er første band ut på fredag. Med ikkje reint lite glede og stoltheit presenterer vi det mest heilstøypte programmet i festivalen sin seksårige historie.

Fres Festival takkar Vik Sparebank og Vik kommune!

Fres festival 2010 får kulturmidlar frå Vik kommune og stønad frå Vik Sparebank. Vi vil gjerne takka kommunen og banken, og nytta høvet til å påpeika at Vik kommune er ein framifrå kommune å arrangera festival i, og at Vik Sparebank er ein tilsvarande framifrå bank å ha pengane sine i. Fres Festival både nyttar og anbefaler båe til alle former for kommunale og fiskale behov.