Vi i Fres festival er alltid ute etter å leggje til rette for ei optimal festivaloppleving for deg og dine. I utgangspunktet vil du greie deg fint om du kjøper billett, tek med deg litt pengar, klede og eit telt og oppfører deg bra. Men for deg som har lyst til å ta steget opp til eliteserien i festival har vi samla eit knippe MacGyvertriks.

 

Så kva ville MacGyver gjort på Fres? Først av alt ville han nok ha gått på konsertane, for han er ein awesome fyr og hadde sikkert sett pris på det storarta programmet. I tillegg ville han gjort følgjande:

 

Beskytt elektronikken med kondomar

Festivallivet inneber nødvendigvis å vere i kontakt med naturen. Og i naturen finst det væske i form av til dømes regndropar, fjorden eller brus som du søler over sakene dine. Då kan du gi dine gadgets ein profylaktisk kokong ved hjelp av eit par kondomar. Kjøp gjerne nokre ekstra, for kondomar kan som kjent vere nyttige til andre ting. Sex for eksempel.

Denne kan vere nyttig på festival

Denne kan vere nyttig på festival

 

Tørke mobilen i ein bolle med ukokt ris

Men det er ikkje alltid like hensiktsmessig å gøyme sakene vekk i preventivar, til dømes er det vanskeleg å snakke i telefon gjennom to lag med latex. Då er vi tilbake i den risikable, væskefylte naturen — kanskje telefonen din får seg ein uvelkomen dukkert når du er nede på kaien for eit herleg forfriskande fjordbad? Ikkje fortvil, du kan alltids stikke innom bui og kjøpe med deg noko ris. Legg mobilen i ris over natta, og lat den tørke opp medan du lever festivallivet.

Lege myggstikk med tannpasta

Når ein er utandørs, til dømes på ein festival, hender det ein får myggstikk. Det kan vere irriterande. Kva skal ein gjere? Jau – smør tannpasta (også kjent som tannkrem) på stikket. Når vi først er inne på temaet innsekt kan det også vere greitt å vite at om du skulle vere uheldig og få besøk av maur i teltet, kan du i følgje Internett fjerne dei med kaffi

Bruke sigarettpakke for å fikse blitzen på kameraet ditt

Du veit korleis folk ser ut som zombiar når du tar bilde av dei på nattestid? Ikkje berre fordi dei har drukke for mykje brus, men fordi blitzen gjer alle likbleike. Vel, dette kan fiksast på om du tar ein sigarettpakke og kler inn blitzen din med denne.

 — 

Så for å konkludere: ved bruk av enkelt tilgjengelege daglegvarer kan også du vere ein MacGyver på Fres Festival. Har du andre pro-tips til korleis ein skal greie seg på festivalar – del dei gjerne med oss!