Cezinando, Great News, Thea and the Wild og Sibiir til Fres 2018!

, ,

Frå hipt til hardt! Det første artistsleppet har landa! Til Fres Festival 2018 kjem nemleg ingen leikaringare enn Cezinando, Great News, Thea and the Wild og Sibiir!

Då er det berre å ta på seg glede-seg dressen folkens! Fres Festival 2018 er på sporet til å bli: heilfrekk. Ta óg på deg drassa-med-seg-masse-folk dressen og trask ned til næraste billettutsal: du finn det på internet (som er framtida kva gjeld billettsal har vi blitt fortalt).

Cez til Frez!

Cezianado er framtida i norsk hiphop! At han er framtida, fekk han ytterlegare bevist forrige helg då han stakk av med nok ein pris til si allerie smekk fulle peishylle – P3 Gull for årest låt: “Håper du har plass”. På peishylla står det allereie ein spellemann og ein årets urørt! Digg!

Great News

Allright! Vi får aldri nok av rocketrioar! Og når det gjeld slike, skal ein leita reeeelativt langt etter noko som er feitare enn Great News! Great News pumpar ut episke anthems utan å sjå seg attende, og i februar kjem dei med sitt bebuda debutalbum “Wonderfault”. Grunnar til å gleda seg til 2018 mao!

Thea and the Wild

Yesh! Soloprosjektet til Thea Glenton Raknes! Vi snakkar her pop av ypparste kvalité! Debutplata kom i 2014, og oppfølgjar er like om nyttårshjørnet! Pass opp for ekstremt bra konsert!

Sibiir

Jess – då er rocken sikra med parodisk god margin! Faren for du vil få problem med å spa opp eit band som sler spessielt hardare enn Sibiir om dagen, er overhengande for å seia det mildt. Vi oppmodar publikum om å ta godt vare på eigen milt, og bu seg på ein konsert av den hardttrøkkande typen. Boom!

Der er det folkens! Dei første artistane er klare – sjekk dei nærare ut på artistsida! Snakkast siste helgi i juli då!