Oui Oui Oui! Lemaitre bekrefta til Fres 2017!

Men inn i helsevesenet! Lemaitre tek turen til Fres Festival 2017! Det same gjer Ungdomskulen, Hajk, Junk Machine, Misty Coast, Knekklectric, Teddy Touch og Girson! Sommaren er sikra – Fres Festival 2017 er komplett!

Då har det endeleg klokka seg inn til ferdig booka Fres Festival! Dermed er det berre ein ting å gjere, nemleg smelle fjeset sitt inn på første og beste internett, klinke til med ein billett og so sette seg i hagen og niventa på at siste helga i juli skal komma til deg. På ny skal vi smørje livet tjukt utover, på ny skal vi slå opp telt med det same vi kjem fram, på ny skal vi drikke i oss heile den sublime skylinen som omkransar Skausgarden og sjå Leiknager funkla i det fjerne medan vi dansar oss inn i daggryen ute på den nyslegne bøen. Og ikkje berre det! Jaggu blir det konsertar og greier óg!

Lemaitre

Direkte inn frå livet kjem elektronikaduoen Lemaitre. Dei siste åra har dei gjort seg bemerka som det heimlege svaret på kontiental kvalitetselektronika,  meint for dei aller største klubbane, og dei aller største hendingane. Sia oppstarten i 2010 har Lemaitre gitt ut heile 7 plater, og levert ein stødig strøm av radiohits. 2016 var året det verkeleg starta å dra seg til for Lemaitre, med mellom anna speling på den Fres-aktige festivalen Coachella i Sambandsstatane. Klar for tidenes kubboramralama? Booom – Lemaitre på Fres 2017!

Ungdomskulen

Trioen Ungdomskulen burde vere kjent stoff for alle som likar awesomeness! For her snakkar vi tiårets, kanskje femtenårets! beste liveband. Dette aldri kvilande trinnet på utdannignsstigen slapp for ikkje så lenge sia singelen Touch Down, og dei jobbar no dag og natt med å gjere ferdig sin nye langspelaren sin. 2017 er ikkje berre året Ungdomskulen spelar på Fres, det er óg tiårsjubilem for den sagnomsuste debuten Cry-Baby frå 2007, og ikkje minst åtteårsjubilem for den gong trommis Øyvins Solheim gjekk gjennom scenegolvet på Fres, midt i ein ekstatisk jamblock solo. All grunn til bekymring med andre ord!

Hajk

Du har band som slepper debutalbum, og så har du Hajk. Skilnaden på desse, er at når Hajk først gjer det, så er det til slik ei endelaus jubel frå dagspressa at det nesten går over alle støvleskaft. Med finfine singlar som “Magazine” og “Common sense” ser det altso ut til at Hajk har truffe noko av ei nerve i kritikarkorpser, og det skulle ikkje gå lenge før Hajk fekk moglegehita til å spre sin freidige miks av indie og kommerspop til massane. Bandet hadde nemleg knap fått sett på kaffitraktaren på øivingslokalet før festivaltravarar som Slottsfjell og Øya hadde meldt si interesse. Men du treng ikkje reisa lenger ein ein tur ned på bui, og so litt oppatt bakken for få med deg Hajk i år, dei tek nemleg turen til årets Fres og det vert heilfrekt for å sei det rimeleg mildt!!

Knekklectric

Sjeldan har jübelen stått så høgt i taket på bookingavdelinga som dagen det vart klart at sjølvsate Knekklectric er klare for Fres Festival 2017. Dette stop at nothing progpopbandet frå Ålesund (+ ein sogning) har nemleg gjort seg skuldige i å sleppe to av dei beste platene sidan forrige gong to skikkeleg bra plater vart sleppt! Ingenting å melde (2014) og For mange melodia (2017) er stilstudier i sjølvinnsikt, sosialrealisme frå Nørvevika og ikkje minst heilfrekk låtskriving. Med både Knekklectric og El Doom ATBE på plakadoisen, ser det ut til at årets Fres vert meir progressiv Bernie Sanders etter eit brett med Red Bull! Det er med andre ord berre å halda seg fastlege!

Misty Coast og Junk Machine

Ingen Fres utan rikeleg med kvalitetsband frå Bergen – vestlandshovudstads-hovudstaden! I år har vi gleden av å ha innom Misty Coast, ein duo – som óg er ein trio (!) – beståande av Richard Myklebust og Linn Frøkedal frå Megaphonic Thrift (og ein drøss andre band). Med seg på trommer har dei den den danske romanforfattaren Kim Småge! Det vert herleg svenvande pop når Misty Coast entrar hovudscena på Fres Festival 2017!

Junk Machine tek turen med sin herleg syrete rock! Som ein biltur langt inn i ein film frå 1975, tek Junk Machine deg med gjennom livet og inn i konserthimmelen!

DANCE DANCE DANCE  – Girson og Teddy Touch!

Som vanleg! Som uvanleg! Fres Festival bygger Fresvik om til nordeurpas feitaste klubblokale. I år som tidlegare år – back by popular demand – kjem både Girson og Teddy Touch for å ta kvar sin kveld med episk klubbmusikk. Skatebård er allreie booka, så her er det berre å kvessa danseskoa for 3 kveldar med beast mode!

Snakkast siste helga i juli!

Jess! Der har de det folkens! Fres 2017 er på veg – fli deg billett i dag!

Spenn fast setefødlsane! Stein Torleif Bjella er klar for Fres Festival 2017

Allright! I dag vart det klart at sjølvaste Stein Torleif Bjella er klar for Fres Festival 2017! Og ikkje berre han! Spidergawd, The Switch, El Doom and the Born Electric, Skatebård og – skulle du sett: dei gamle rakkarane i The Generous Days!

Spenninga har vore til å på det frekkaste ta og føle på i Fres Festival sitt bookinghovudkvarter dei siste vekene. Som vanleg er det lagt ned overtidstime ut og nattetime inn for å få på plass dei avgjerande bitane som til saman utgjer det vi må kunna kalla eit kunstverk av eit bookingpuslespel! Det var difor spart på korkje smakssett mineralvatn eller blomeoppstasar då det på tradisjonelt vis var duka for pressekonferanse.

Stein Torleif Bjella

– Det er heva over revisjon at Stein Torleif Bjella levarar noko av det stødigaste handverket innan framstilling av vaklevorne skjebnar frå landsbygda. Desse korte livshistoriane ikler han sine mørkvakre viser og framfører dei i lag med sitt eminente band. Dette vert over kanten bra feitt, men vi vel å ta sjansen seier ein ressursterk Gunnar Husabø frå festivalleiinga, medan han strekker seg nonchalant over det litt for smale konferansebordet der to flasker Farris med mango og papaya ventar med lovnad om umiddelbar forfriskning.

Spidergawd

Ikkje berre viser på Fres i år! Dei blodtrimma trønderane (og ein totning) i Spidergawd tek og turen. Det er sagt at dei har planar om å bruke bøen som ei slags tvåge, dyppe denne i ei alvorleg bøtte med tung tung rock og vaske heile Fresvik reint for eventuell mangel på groove!

Spidergawd er noko av det feitaste som har kome ut av midtnoreg dei siste ti fireåra! Med frekke LPar som høvesvis I, II, III, og no berre for få dagar sidan IV, har Spidergawd dei siste åra banka seg inn i norsk rock på ein måte som er meir overbevisande enn Hercule Poirot rett etter at han har samla alle karakterane i slutten av episoden.

– Og so har dei den beste trommisen i landet – det er heva so høgt over tvil at ein kan seia det heilt utan å bruka, med mindre ein vil motseia seg sjølv i form sovel som innhald, innskotne setningar, knirkar det frå Husabø idet ein kan høyra den avslørande lyden av kolsyre som vert sleppt fri frå sitt dildoforma plastikkfengsel.

The Switch

Dersom du elskar både awesom musikk og ein enkel måte å skru ting av og på på (på), så kjem du til å elska The Switch! Og du er slett ikkje åleine. Andre som elskar The Switch er alle, i tillegg til juryen for Spellemannsprisen (du kan ta eventuelle innvendinga mot/korrigeringar av skrivemåten og føra den inn) som gjekk so langt som å tildela nettopp The Switch Spellmannsprisen 2016 i den spissfindige kategoroien “Indie” for deira seinaste fonogram: “The Switch Album”!

– The Switch lagar kvalitetsmusikk! Ta med deg kvalitetsfjeset ditt og opplev perfekt harmoni mellom musikk og eige fjes! Dette er ei moglegheit du ikkje vil gå glipp av, seier Gunnar Husabø idet flaskeopninga startar tek til på stiginga frå bordet og opp mot drikkeholet.

El Doom and the Born Electric

Prog er tilbake! Det er ikkje for ingenting at det vert jubla over det ganske Fresvik når nyhenda om at El Doom and the Born Electric tek turen til årets Fres droppar i dag! Med crisp trommelyd, alt for feit vreng og kriminelt kule låtar styrer El Doom sjølv progskuta over havet og like til kais i det forjetta rockenerdeland. El Doom and the Born Electric arbeidar for tida med oppfølgjaren til den sjølvtitulerte brakdebuten frå 2012, og det er venteleg at dei kjem til å krydra sette hovudrettssize smakebitar frå dette.

– Sjukt feitt band! seier Husabø med turr hals, men med den sprudlande redningen like innan rekkevidde no.

Skatebård

Torsdagssvingen returnerar! I år som dei siste mange åra gjer Fres Festival Skausgarden om til det største klubblokalet  i heile Fresvik! Først ut i 2017utgåva av Fres er ingen ringrevare enn Skatebård – kjent frå både Sidebrok, Ørsta og fjøsen. Blir aaawesom!

– Her skal det dansast folkens, seier Gunnar Husabø frå festivalleiinga, flasketuten har no oppnådd fysisk kontakt med kjeften.

The Genereous Days

Verda står no offisielt ikkje til påske! Den andre reunionen – like usannsynleg som den den første – til bandet som tok NRK Sogn og Fjordane med storm back in the day er nok attende for å levvera sine sticky refreng og gladgroovande vers til det vi må anta vert ein ekstatisk crowd, boren fram frå jorda på ei bølgje av nostalgi og dånnngrishortsar. Fres Festival vert det einaste høvet til å gjenoppleva The Generous Days i sumar! Ta turen, eller ta grep i kvardagen!

– Dette bandet VEIT eg er bra, for dette bandet spelar eg i sjølv! seier Gunnar Husabø i det han endeleg, endeleg kan skylla ned ein lang pressekonferanse med ein velfortent slurk Farris med ein dråpe [sett inn smak].

Så der har de det folkens! Ikkje gløym å fli deg ein billett!

Odd Nordstoga til Fres Festival 2017! Endeleg litt non-fake news!

Fres Festival 2017 er på veg – og det same er røvaren Odd Nordstoga, dei slanke dongerisvenskane i Västerbron og dei hardtklessande karane i rockekvartetten Slegest! Eit rungande hurra for det!

Rekordtidleg booking

Fres Festival 2017 – den ellevte eller tolvte i rekka, vi har mista teljinga – er altså i ferd med å ta steget ut av post-sanninga og over i god gammal sanning! Som om det ikkje er nok, har festivalleiinga utført eit stykke bookingarbeid som er so tidleg ute at det har gitt grobunn for bekymring i det svært lojale frespublikumet. Er denne tilsynelatande gode planlegging eit teikn på tiltakande profesjonalitet i festivalorganisasjonen?

Dette kan vi avkrefta på det sterkaste. “Vi er framleis dei same knehønenen som fortvila freistar å stabla eit vaklevorent skur av ein festival på føtna”, seier Gunnar Husabø samstunder som det smale pressmeldingsbordet veltar, og smakstilsett mineralvatn renn utover parketten.

For det er ikkje kvardagskost at ein sopass gjøkete gjeng som Fres Festival får fingrane ut av sine respektive øyrer og bookar artistar allereie før jul – slik som alle andre festivalar gjer.

Frå Telemark, til Sverige og attende til Sogn!

Og for nokre artistar det er tale om! Fyrst og fremst: Odd Nordstoga! Det kredible bygdesamfunnets fremste fanebærar – den rufsete sveisens viktigaste ambassadør – sjølve generalen mellom dei trivelegaste artistar og ikkje minst: landets mest treffsikre leverandør av låtar som alle kan kjenna seg att i, låtane som handlar om livets små og dermed viktige ting. Med fullt band!

Dernest Västerbron! Ei tilflesking av ei booking som få eller ingen har sett makan til! Denne moteriktige gjengen med svenskar – som ikkje vikar ein tomme frå hovudmålet sitt: å levera heilfrekke konsertar på små gardsbruk inni dei lengste av vestlandets fjordar!

Som om det ikkje er nok – Fres Festival har ei tredje førjulsbooking gåande: Slegest kjem innom for å levere tung tung, groove med tunge, tunge støvlar på. Dei har nyss sleppt nytt albüm: Vidsyn – og det er å anta at Slegest kjem til å bruka tidrommet frå november og fram til siste helga i juli på å finsikte kanonene. Boooom!

Så der er det folkens! Fres Festival er på veg til deg. Og billetten din? Den flir du deg her!
Frest Festival – pass opp for etterlikningar og feilstavingar!