Grunna sjukdom utgår Bombeklüchter. Bloody Beach er flytta til torsdag og kjem til å opna Fres Festival 2012. Sjå elles komplett prorgam med speletider.
Kategoriarkiv: Fres 2012
Kaféen er åpen i helga!
Nede på kaien i Fresvik (aka sentrum) ligg det ein framifrå kafé! Den kjem til å halda ope i Fres-helga. Ta deg ein tur innom medan du er her! Opningstider og meny vert som følgjer.
- betasuppe
- pølse i brød
- lappar
- kaffi
- brus
Del bileta dine frå Fres Festival!
Getting with the program? Som alle andre trendy og cutting edge folk, har sjølvsagt også du som festivalgjest installert biletdelingsappen Instagram på din smarttelefon. Dersom du ikkje har kasta deg rundt og gjort det endå, kan du lasta ned Instagram for iPhone her, og Instagram for Android her.
Når du har installert appen på telefonen din, er det berre å knipsa i veg anten på veg til Fres, under sjølve festivalen eller når som helst eigentleg. I captionfeltet brukar du hashtaggen #fres12. Alle som har Instagram kan dermed følje med på bildene dine. Bilda dine vil i tillegg komma fram i Instagramfeeden på høgresida på framsida av fresn.no, eller du kan gå til sida hashtagram.com og sjå alle bileta i eit fiffig slideshow.
Kva med eit bilde av kompisen din som slit seg opp landets einaste kule motbakkeløp? Moglegheitene er mange så her er det berre å knipsa i veg! #hipster!





