Fres Festival! Painted by Fargerike i Sogndal!

Jovial målingsbutikk forsyner kredibel festival i lokalmilieuet! Marknadsverdien er enorm, seier han der Kiese fyren!

Fargerike i Sogndal; serious paintin shit!

Fargerike i Sogndal; serious paintin' shit!

Fres Festival har den store gleda å melda at Fargerike i Sogndal, ved butikkskjef og generell goodguy Stian Bakketieg, har sponsa Fres Festival i Fresvik med herleg måling til dei berømte dassane som vert nytta av blide festivalgjengarar! Det dermed er lite eller ingen tvil om at årets dassar med det vert rett so trivelege og ikkje so reint lite uavhengige.

Fres Festival og alle deira affilierte takkar og bukkar og anbefalar Fargerike i Sogndal til alle dei som har ting som treng eit strøk!

Slit du med dårleg karma? Fres Festival kan hjelpa deg.

Er du ein av dei mange som har kasta vekk storparten av ferien på fyll, fanteri og det som verre er? då har du ei unik moglegheit til å komma på plussida på karmafronten ved å gjera ein innsats for den hardtarbeidande festivalen Fres Festival i Fresvik. Dette gjer du leikande lett ved å trykka på den gule flotte Jobb på Fresn – Bli Kool knappen som er å finna til høgre på den særs frekke edb-sida www.fresn.no.

We salute you!

Fresvikbui! Åpen til 18:00!

Elleville opningstider på nytenkande bu i Fresvik. Økonomiekspertar i ekstase!

Bui: for all your festival needs and more!

Bui: for all your festival needs and more!

Det vart ekstremt god steming på bui i dag då leiinga kom innom for sin daglege handel av lapssodd og bacon og fekk den store nyhenda om at bui i Fresvik under årets Fres Festival vil halda åpent heilt til 18:00 (!) på fredag og laurdag. Dette til stor glede for festivaldeltakarar som ikkje alltid kjem seg opp til klokka to om morgonen. Ein antek at denne ikkje ueffne utvidinga av opningstida vil medføra ei heving av jovialitetsfaktoren med opptil fleire prosentpoeng. – Vi gledar oss stort, seier Eldri Hatleli frå andre sida av ein høgteknologisk kasse utstyrt med pipp og kortterminal og det heile.

Bui i Fresvik vil supplera alle dei artiklar som er naudsynte for at ei vellukka festivaloppleving skal finna stad. Leiinga anbefalar bui på det varmaste.

It draws nigh! NIIIIIIIIIGH!

Under ein månad att! Leiinga på plass på Skau!

LT

Hi! Check out my bloggoliscious face!

Sommaren er definitivt her, og leiinga er endeleg på plass på Skau for å sikra at Fres Festival nok ein gong kjem til å finna stad, og at maten nok ein gang skal væra ekstra langreist! Leiinga oppmodar alle generelt og diftige Fresvikjer spesielt til å ta ein tur innom garden. Folk med ulike fagbrev; snikkarar, røyrleggarar elektrikarara og andre (blikkenslagarar?) er ekstremt velkomne! Utover  dette seier rykta at det i dei neste vekene vil verte intens aktivitet på det praktiske sovel som på det administratie planet på Skausgarden. New Fres Management!

Med litt hell vil det dukka opp ulike blogginnlegg her!