Kva skjer på Skau?

Dei siste dagane har frestivalleiinga hatt fokus på tryggleik — mellom anna knytt til straumforsyninga. Vi har fått god hjelp av lokale krefter, og har i dag fått beskjed om at material er bestilt. Meir er det ikkje å seie om den saka.

Elles har vi vore opptekne av eit nytt, superhemmeleg prosjekt, Bulb Commander™. Alt vil bli forklart grundigare når vi får lagt opp dei nye bulb commander-nettsidene.

LT i djup konsentrasjon

Pinareg endå eit band bekrefta!

Tyyl! attende på Fres Festival i Fresvik! Den kritiske kulturblekka Sogn Avis kunne onsdag komma med den banebrytande nyhenda at bandet Tyyl! kjem til årets Fres Festival!

Faksimile frå SA

Faksimile frå SA

Sidan Sogn Avis held eit sopass høgt nivå, både kva analyse og rettskriving vedkjem, saksar Nyhende saka på sitt sedvanlege frekke vis:

Tyyleskap på veg
Fardal: Sognebandet Tyyl! Kjem snart med ein tre spors EP. Vokalist og øvstedøl, Håvard øyrehagen, fortel at gruppa har brukt eit femsifra tal norske kroner på å spela inn det som skal bana veg i den norske musikkjungelen. — Frå før har me stål i armane, ein god porsjon innsatsvilje og eit aldri so lite glimt i augo, så når denne EPen kjem ut er me klare for verdensherredøme og alt som følgjer med, Seier øyrehagen. Plata kjem truleg ein gong i juli, og sleppfesten blir etter planen på Fresn 08.

Moldvarp i Leiinga?
Det har i kjølvatnet av denne Sogn Avis notisen vorte spekulert i om det er ein moldvarp i bookingavdelinga eller kanskje til og med i sjølvaste leiinga, sidan denne nyhenda kom i Sogn Avis før den kom i Nyhende. Den til ei kvar tid agile leiinga kalla dermed onsdag ettermiddag djervt inn til ei ekstraordinær pressekonferanse på Litteraturhuset for å sløkkja eventuelle brannar.

- Vi skjønar at folk kanskje kan lura når slik skjer, men i dette einskilde tilfellet var leiinga so vel som Nyhende redaksjonen opptekne med å delta på eit grunnleggande kurs i korleis stava det som eigentleg er heilt normale norske etternamn. Feitt at Tyyl! kjem for å spela på Fres Festival 08 forresten, legg ein jovial Per Christian Grov til.

Tyyl! vert å oppleva på ei scene nær Skausgarden ein gang i slutten av Juli.

Ein blog for bloggen si skuld

Førebuingane til den vidgjetne festivalen har i dag vore langt over middels. 9 stk scenebarrikadar har vorte frakta Sogndal – Fresvik (via Hella – Vangsnes), og diverse andre prosjekt er under oppsegling. Gunnar (betre kjend som Senior Consultant) kom til Skau godt over midnatt, etter å ha forklart fresaktuelle artistar korleis trommestikkene skal svingast. Per Christian Grov (AKA “The Generous Grov”) har akkurat krøpe til køys, og det trur eg er ein god ide. 2 veker igjen and counting. Dette blir legendarisk.

Miljø – ven eller vern?

Skal du arrangere festival, så er det semje kring faktumet at du må sleppe ut litt CO2. Dette har me prøvd oss på i løpet av dagen, og me føler at me stort sett har lukkast med det.
Køyrer du Polo og Caddy er det likevel vanskeleg å forsvare CO2-utsleppet sitt, det blir for lite rett og slett. Dette har me prøvd å rette på ved å svi av ein del plast og andre ikkje-fornybare eingangs-items.

Planane framover inkluderar eit stykk aggregat, type industrielt, som kan brenne av litt fersk eksos til glede og nadsemd for dei utsleppshungrige festivaldeltakarane som kjem til Skau.

Fres – ain’t got no CO2-quotas