Fres 2008
Fres Festival 2008 er over!
av Håvard den 27/07/2008, i kategori Fres 2008
Vellukka avvikling av musikkfestival i Fresvik.
Fres Festival; it is what it is.
Nesten klart til festivitas
av Per Christian den 23/07/2008, i kategori Fres 2008
Det har vore noko hektisk her i Fresvik i det siste, så for å gjere det enkelt, skal eg berre lime inn nokre dårlege mobilbilde (av stauring, dobling av urinalkapasitet o.l.):
My Parents House utgår.
av Håvard den 22/07/2008, i kategori Artistar 2008, Fres 2008
Nok eit band må kansellera på Fres. Ikkje lenge etter den tunge beskjeden om at The Big Almost og Rubini måtte kansellera sine konsertar på årets Fres, vart det klart at My Parents House også må avlysa årets show. Dette på grunn av sjukdom.
– Leit at ikkje MPH kunne komma, men vi har full forståing for at når alt kjem til alt, ja, so må nesten helse komma først, sa ein fatta Gunnar Husabø på ei ekstraordinær om enn noget Farrisfattig pressekonferanse mandag kveld.
årets Fres-program er klart!
av Gunnar den 21/07/2008, i kategori Artistar 2008, Fres 2008
Utan blautkake, men med ein stor dose høgtidelegheit, presenterte Fresn-leiinga i dag programmet for årets festival. Dei fleste artistane er allereie presentert på nettsidene, men no kan ivrige festivalgjengarar altså notere inn på PDA-ane sine (med reminders, må vite) når dei må infinne seg på Skau, midt staur i Fresvik, for å sjå artistar som bl.a. Canoon, The Barrels, Tyyl! og Monica Eide. Diverre måtte leiinga samstundes melde om at to band har avlyst turen til Fresvik. Dette er The Big Almost og Rubini.
- Synd for dei, men då får vi litt meir tid til å grille, seier ein oppglødd festivalgjest.
.




