Nok eit band trekker seg

Eit av køntribanda som var booka til Fres vil etter all sannsynlegheit trekkje seg frå festivalen. Det ser altså ut til at publikum ikkje får oppleve det noko mystiske “Glen Oak Community Service”. Bandet, også kjent under namnet “”I Lust for Luster”", har til no vore noko av ei gåte i Fressamanheng. Bookinga av bandet vart kunngjort i dette medieorganet for kring to månadar sidan. Sidan har det vore rimeleg stilt rundt bandet, som også ser ut til å vere skoddelagt med mystikk, kva tidlegare plateinnspelingar og konsertar angår.

Etter det Nyhende kjenner til, er årsaka til at bandet ikkje opptrer at ingen veit kven medlemmene er, og at ingen har klart å få kontakt med dei sålangt. Propagandaminister ved Fres, Håvard Gøbbels Ese, avdramatiserer det heile når Nyhende får kontakt med han på amatørradio på guterommet på Hermansverk:
-Bänder kommen und gehen. Es ist nicht eine Krise. Wir sind gerade froh, die unsere Hauptkenstler noch mit uns sind.

Nye band til Fres

Banda Schteinhard og Two States er no bekrefta til Fres. Kaupangergruppa Schteinhard er no bekrefta til Fres 2006, Eliassen frå leiinga uttalar: “-Aldri før har eg tilegare høyrt slikt eit støynivå”. Leiinga seier at bandet vil verte satt opp fredag under Fres 2006.

Moldeorkesteret Two States er og bekrefta, og vil stille med to medlemmer under fresn, den eine “staten”, Håkon, uttalar til leiinga: “I e tjempegla føirr å kunne bidra til det som er Sogn og Fjordanes minste festival.”

Me ynskjer alle lukke til under Fres 2006.

Fresvik får eigen radio!

Fresn.com no endå frekkare enn tidlegare.

Medie-Noreg spør seg; er det mogleg? Fres Festival 2009 får eigen festivalradio i sommar. Sendingane vil gå heile føremiddagen, live frå campscena, og leiinga lovar musikk og intervju av og med alle Fresartistane. Per Christian Grov frå festivalleiinga fortel at dette er eit prøveprosjekt mellom festivalleiinga for Fresn og studentradioen i Oslo.

- Me trur og vonar at RadioFres blir stor suksess, seier Grov oppglødd, og etterlyser musikk frå fleire Fresnartistar.

- Kom dykk i studio, me treng meir materiale, kommanderar festivalsjefen.

Denne artikkelen er i si heilheit saksa frå kulturavisa Sogn Avis.

…publikum kan enn so lenga nyta webradioen ved å klikka på linken på framsida.

Ein månad att til Fresstart!!

Tidevatnet nærmar seg for leiing og stab i universets frekkaste festival. Idet juni er i ferd med å verta juli er festivalsesongen på veg mot sitt uomtvistelege apex. Dette er i høgaste grad óg tilfellet i Fres Festival sitt hovudkvarter på Skausgarden i Fresvik, Sogn Indre. Det som for andre kan verka som det komplette kaos, er for Leiinga og deira kløktige stab, etterkvart som nettene blir lange og juli setter inn, det dei kallar Snurring – meir enn turmat. Sjølv om HQ pr idag ser ut som Dresden pr 1945, lovar Leiinga at Festivalen er på stø kurs mot den seremonielle opninga fredag 28. juli.

Nyhende lukkast natt til onsdag å få eit par kommentarar frå ein travel festivalsjef Lars Tore Skau.
- Phu! Det går fort i svingane no, men som dei seier, mellom anna i hovudstaden, ein kan ikkje laga omelett forutan å knekka eit egg eller tre. Til alt hell er leiinga i stor grad prega av singelheit; FresSS målte nyleg grada av i singelheit i Leiinga til å liggja rundt 75% pluss minus 5% konfidensinterval, noko som tillet oppofring av den heilt heilt sjeldsynte sorten, seier ein kontrollert om noko oppspelt Skau på felttelfon like ved Camp Stage.