Camping for festivalen er inkludert i festivalpasset, og føregår i naturskjøne omgjevnader på innmarka ved scena. Ta med telt, lavvo eller kva som helst slags overnattingshjelpemiddel utan registreringsnummer. Det vil seiea: ingen campingvogner eller bilar på campen.

Toalettfasilitetar, inkludert den berømte bølgeblekkpisserenna er lett tilgjengeleg på festivalområdet, likeeins vaskar.

All bruk av open elde og eingangsgrillar er forbode på campen. Då Fres er ein triveleg festival, er det også lagt opp til kommunale fellesgrillar på området. Les meir i FAQ-en.