Miljø – ven eller vern?

Skal du arrangere festival, så er det semje kring faktumet at du må sleppe ut litt CO2. Dette har me prøvd oss på i løpet av dagen, og me føler at me stort sett har lukkast med det.
Køyrer du Polo og Caddy er det likevel vanskeleg å forsvare CO2-utsleppet sitt, det blir for lite rett og slett. Dette har me prøvd å rette på ved å svi av ein del plast og andre ikkje-fornybare eingangs-items.

Planane framover inkluderar eit stykk aggregat, type industrielt, som kan brenne av litt fersk eksos til glede og nadsemd for dei utsleppshungrige festivaldeltakarane som kjem til Skau.

Fres – ain’t got no CO2-quotas

Triple bill på PBC

Det var stemning då vitale delar av fres-organismen inntok Borgund langfredag. Heile leiinga var samla til det som skulle bli ein minneverdig kveld på Postaabneriet Pub og Cafe i bygda Borgund. her lira nemleg band som Bombeklüchter, Vulva og Joe Labour av seg heite rytmiske krumspring og frekke tangoar. Det viste seg å bli ein særs lang fredag denne langfredagen påsken 2007.

“”Me er godt nøgde med laginnsatsen”", proklamerar ein brisen og hes Håvard Ese Eliassen. Herr Husabø, blant vener kalla IT-sjef Gunnar kalte kvelden eit fyrverkeri av goodwill, og nok eit tilfelle av Fres som skapar av bygdemoro. Me i Nyhende har eit noko meir sobert forhold til evenementet, men registrerar at dei lokale tilhøyrarane var godt nøgde med showcasen. Me seier som David Lee Roth…: “”You might as well jump!”"