
Center of The Universe er stormannsgalprosjektet til den myteomspunne Sissyfus, stormeistar og ypparsteprest i det ditto myteomspunne plateselskapet Metronomicon Audio. Frå sitt hovudkvarter på beste Grünerløkka inni Oslofjøra har Sissyfus styrt både plateselskapet og band med hard terrorhand i beste Tito-stil. Center of the Universe sleppte nyleg det vanskelege femtande albumet, Levitating Disk, til stor glede for kritikarkorpset i hovudstadsavisene.
Center of The Universe spelar stor sett låtar som handlar om dei verkeleg viktige tinga i livet, nemleg dei universelle ting. Ulike dimensjonar, vandrande planetar, svarte hol, leie forskyvningar i tid-rom kontinuiteten og liknande er klassiske tema for mang ei Center of The Universe låt. Desse frekkaslåtane vert framførde av Sissyfus sjølv, med god hjelp frå Pil på synth, og sjølvaste drammensbakaren Armageddon på trommer. Dermed er det berre å lena seg attende å håpa på at Sissyfus og hans medsamansvorne riddarar av galakseperiferien stiller ulasteleg antrekt. Med litt hell stiller sjølvaste sjefsriddaren opp i den berømte diskettvesten sin. Fres Festival ønskjer alle god tur til det ytre rom, dette vert interplanetarisk!

groove.no Rastløs #11 – Center of the Universe from groove.no on Vimeo.

