Beinkjør!

Beinkjør

Det er for lite pønk i Sogn. Det har heldigvis Beinkjør gjort noko med. Direkte frå sjølvaste potebygdi kjem Beinkjør for å levera klassisk pønk til det pønkhungrige freslikummet. Få eller ingen gløymer den fantastiske konserten Beinkjør leverte frå hovudscena på Skausgarden på Fres 2007. Sidan den gong har dei rukke å pimpa eit par pilsner, samt spelt inn og sleppt albumet Rock for Rus, til stor glede for både publikum og kritikarar. No er Beinkjør attende for å setta opp eit endå betre show enn føøre gong dei var på Fres, dersom dette i det heile er mogleg. Fres Festival har den største glede av å kunna presentera Beinkjør, eit band som for lengst har stroke ordet kompromiss frå si utgåve av Hellevik.

FresTube

Frespace

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.