THEA & THE WILD

– FEINSCHMECKER POP

Thea & The Wild går ikkje vanlegvis rundt og kallar seg det, ja, for dette er soloprosjektet til Thea Glenton Raknes. Dei oppvakte av dykk vil nok sikkert hugse Thea som golvtam- og tamburintraktør frå eit anna “&-band”, nemlig & Familien. Men no er Thea attende med & The Wild, og me kan personleg gå god for at dette er popsnekkeri av ypperste kvalité!

Debutskiva Strangers & Lovers kom ut i 2014, og hausta strålande kritikkar frå musikkblekker, dagspresse og ampersandconnoisseurar frå inn- og utland. Thea har mellom anna spelt på Øyafestivalen, By:Larm og no sist som åpningsact på turnéen til Bigbangspinoff Greni.

Februar i år kom endeleg oppfølgjaren Ikaros. Plata er produsert og spelt inn saman med ingen ringrevare enn Cato «Salsa» Thomassen og Børge «Guacamole» Fjordheim. Med seg har Thea fått prefikset til & Familien, Anne Lise Frøkedal på kor.

Dette blir ein sånn konsert der du går og nynnar melodiane lenge etterpå, ypperste kvalité seier me! YPPERSTE KVALITÉ!

SPØTTINJE

VIDEO