SIBIIR

– PEAK RAWK!

Rååååååkk! Sibiir spelar rimeleg feit rock folkens! Det har dei gjort sidan 2014 godt og vél. I 2015 klinka dei til med tospors EPen Swallow and trap them, og heilt på slutten av 2016 kom platedbuten: sjølvtitulerte Sibiir. Begge utgivelsane på det særs utmerka oslolabelet Fysisk Format.

Med desse utgivelsane i hende har Sibiir i god metaltradisjon gått i gang med å legge under seg kontinentet og etterkvart, må vi anta, heile verda. Dei har allereie gjort to Europaturar som support for dei ikkje spesssielt små eller dårlege rockebanda Enslaved og Kvelertak, og den kommande festivalsommaren ser ut til å kunne by på masse feite konsertar frå Sibiir sine hardtriffande hender. Ikkje berre er dei booka til Fres Festival 2018, dei har óg sikra seg ein slot på den relativt ferske rockefestivalen “Tons of Rock” i Østfold ein plass.

Så folkens! Då er det berre å megagleda seg til siste helga i juli – då tek nemleg Sibiir med seg ein patenterte miks av metal, hardcore, hardrock og grillmat og gjestar Skausgarden og Fres Festival 2018! Phååååkyeah!

SPØTTINJE

VIDEO