Real Ones

– ÅRETS TRIVLEGASTE KONSERT PÅ DITTO FESTIVAL!

Real Ones folkens! Folkete pop-folk til folket! Landets antakeleg høgast utdanna, og utan tvil trivelegaste band kjem til Fresvik og Skausgarden for å levera ein av sine anerkjente kjempekonsertar! For konsertar – DET er noko dette bandet har drive med før! Sida dei starta opp i Bergen på 90-talet ein gang, har bandet spelt jorda rundt, kun avbrutt av turar innom studio og utdanningsinstitusjonar for å legga seg opp ein imponerande katalog av både strålande album og godkjende studiepoeng. To spellemannsprisar har dei óg raska med seg på vegeen

Real Ones er for tida aktuelle med sitt eminente album Hey Future Hey Past, det tiande albumet i rekka. Frå albumet har det trilla ut fleire låtar som lenge har rotert tungt i den heildigitale DAB-eteren, mellom anna Back on my Feet og Hey Junior. Plata har hausta velfortente lovord frå ei avis som kjem ut dagleg i vestlandshovudstaden “Bergen”.

Så det er ikkje utan so reint lite glede at Fres Festival 2018 kan presentere årets trivlegaste konsert: Real Ones! Tjoho!

SPØTTINJE

VIDEO