RALPH MYERZ & THE KOSMIK DIAMONDZ

– VARAR EVIG

Booom! Ralph er attende! Alle som har noko fartstid frå Fres Festival hugsar med bankade hjarte og ristande dansefot dei lyse nettene då DJ Ralph Myerz kasta sjukt bra klubbmusikk utover heile bøen, heile Fresvik og i sanning utover langs heile Sogndfjorden. Vel – no er han attende for å på ny rista opp både bakken og baken (sei). Og han er ikkje åleine!! Denne gongen har han nemleg med seg noko av eit stjernelag – eller for å vere heilt korrekt – eit diamantlag.

Ralph Myerz & the Kosmik Diamondz består nemleg foruta av Ralph sjølv av Cato Lyngholm på trommer, Mads Berven på gitar og all sorts, og sist med ikkje minst saxemonstret Kjetil Møster på sax og div!

I lag kjem dei til å filleriste Skausgarden, og det er berre for alle å gå i gang med å forfatte korleis de best skal greie å formidle til framtidige barnebarn at nettop DU var med på århundrets musikalske oppleving. Og det i Fresvik! Eg gir meg!

SPØTTINJE

VIDEO